Går tilbake til losje-røtene

Reidun Øvrebotten er oppteken av å vise fram dei historiske røtene også til kulturhuset Heimen.

Reidun Øvrebotten er oppteken av å vise fram dei historiske røtene også til kulturhuset Heimen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Med eigen minidokumentar-film og historisk foredrag gjer Kulturhuset Heimen stas på losje-rørsla i Bremanger.

DEL

Kulturhuseigar Reidun Øvrebotten i Kulturhuset Heimen har fått fotokunstnaren Dorthe Vaagan til å lage ein minidokumentar om losjerørsla i Bremanger. Ho byr inn til arragement fredag 26. februar.

- I filmen treff vi tre av dei gjenværande medlemmene i losje Havråk, som fortel om opplevingar og minne frå livet i losjehuset og kva dette har hatt å seie for deira liv, fortel Reidun Øvrebotten.

- Er vel ikkje alle i fråholdsrørsla som ville likt å oppleve nokon nyte eit glas alkoholhaldig vin i eit modernisert kulturhus?

- Nei, men denne kvelden blir det natronkaker og kaffi, forsikrar ho.

Fråhaldsrørsla vaks seg stor og sterk frå slutten av 1800-talet då drukkenskap faktisk var eit stort samfunnsproblem. Rørsla vaks seg opp til å bli ei av dei store folkerørslene utover på 1900-talet. I heile landet var det losje-foreiningar som jobba for saka. Etter kvart fall mange frå løftet sitt om aldri å røre verken alkohol eller sigarettar. 

OPPUSSING: Heimen i Bremanger har fått eit ansiktsløft. Alle foto: Annbjørg Hauge Nygård

OPPUSSING: Heimen i Bremanger har fått eit ansiktsløft. Alle foto: Annbjørg Hauge Nygård

Historisk tilbakeblikk:

Kulturhuset Heimen blei bygd av losje Havråk i Bremanger og stod ferdig i november 1922. Byggekostnadane var på heile 25 000,- kroner, medrekna orgel.

I kjellaren var det kjøkken og matsal. I storsalen kunne ein opne opp mot småsalen og over der var det galleri. Det var benkeplassar til om lag 300 mennesker.

I tillegg til faste losjemøter for vaksne og barn har Heimen husa juletrefestar, todagers-marknaden, 17-mai- festar. Det var ikkje lov å danse i huset, bortsett frå leikaring! I 1967 fekk realskulen lov til å arrangere «Sokkedans» og forbodet var oppheva (sentralt)!

Grotle kvinneforeining og Helselaget brukte Heimen til årleg fest og basar. Det var arrangert «Brødrene» og «Søstrene» sine kveldar.

Politiske parti nytta huset før val. Bremanger fiskarlag hadde både møter, stemner og festar. Det vart halde ulike kurs slik som; navigasjonskurs, vevkurs, snikkarkurs. Frå 1950 har skulen sløydopplæring i matsalen. Småsalen var også brukt til klasserom i ulike periodar.

I 1962 vart det sett opp scenetilbygg. Prosjektet fekk støtte av kommunen.

Film og foredrag

Fredag 26. februar.

Premiere på miinidokumentaren "Heimen" av Dorhe Vaagan. Ho bur i Oslo og er utdanna fotograf frå Nordic School of Photography.

Foredrag av forfattar og historikar Gaute Losnegård.

Utstilling om losjen og Heimen i Galleri Dorthea.

Open kafe.

Bremanger fekk fast stumfilmframvisning i Heimen frå 1924. Losjen spleisa på filmapparat. Det er antyda at biletten kosta 50 øre! Frå 1956 blir det vist kino kvar søndag. Før den tid var det Bygdekinoen og Kinosentralen som viste film ein gong i månaden. Det er framleis kinotilbod i Heimen kvar fredag og søndag, og utstyret er digitalisert og moderne.

Det har vore ulike leigetakarar gjennom tidene. No er Kulturhuset Heimen i privat eige med Bremanger kino og Bremanger kulturskule som leigetakarar.

Storsalen(kinoen) er kalla Losjen. Småsalen er brakt tilbake til dei opprinnelege tømmerveggane og tregolvet,- og huser no kystkulturutstillinga «Minne om Maria». I første etasje er det laga verkstad for ulike kurs, undervisning/møter (Kammerset). Under scenetilbygget er det no opna opp med trapp mellom Galleri Dorthea og Kafè Aletta. Her finn vi og eit lite handverksutsal med lokale produsentar.

Artikkeltags