Vårslepp på Eikefjord stadion

5. divisjonslaga Eikefjord og Bremanger møtest til dyst i helga.

5. divisjonslaga Eikefjord og Bremanger møtest til dyst i helga. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Til helga slepp våryre 4. og 5. divisjonsspelarar laus på kunstgraset i Eikefjord.

DEL

Den tradisjonsrike Eikefjord Cup glimra med sitt fråvær i påskehelga i år.

- Vi har gjort litt endringar. Vi har ikkje invitert Florø og Førde i år, sidan dei har dominert turneringa siste åra. I staden har vi invitert lag som er på vårt nivå og håpar at det blir litt meir spennande, seier leiar i Eikefjord Fotball, Ole Jacob Endestad.

Eikefjord stiller med fleire unge ferske spelarar på laget. Dei har mista Sondre Herstad til Naustdal og Kristian Langedal til Førde.

- Vi må fylle på med gutespelarar. Vi er ein liten klubb med små årskull spelarar. Dersom vi får fram to A-lagsspelarar for året, så er det ok. Det langsiktige målet vårt er å klatre opp i 4.divisjon. Vi har kome på 2. og 3. plass i 5. divisjon siste åra, så vi veit at det er mogleg å komme seg opp, seier Ole Jacob Endestad.

Trenar i Eikefjord er Per Øyvind Sørbø. Tildlegare spelande trenar Håvard Mjølkeraaen er også med vidare.

Artikkeltags