Står på for bulyst og lokal handel

Jacqueline Mannaart er primus motor bak julemessa i Botnane.

Jacqueline Mannaart er primus motor bak julemessa i Botnane. Foto:

- Eg trur mange folk er leie av Nille-produkt, seier Jacquline Mannaart, som er primus motor for julemessa i Botnane 1. desember.

DEL

Jacqueline er har som mål å inspirere folk til å utvikle seg sjølve og lokalsamfunnet med eige handverk. Den driftige dama synest at folk må handle lokalt og ho opplever at dei set pris på kvalitet, i følge Botnane.no.

Ho har vore primus motor for julemessa i mange år. Ho kom flyttande med familien sin til Botnane i 2003 og allereie året var det julemarknad i grendahuset i Botnane. Sidan har arrangementet vore innom Årebrot og i fjor vart det arrangert i ei løe i Vindspollen. Der er det byggearbeid for tida, og derfor har julemessa teke turen tilbake til Botnane i år.

- Søndag første desember blir det julekafe i salen i Botnane grendahus, medan julemessa er i biblioteket. Vi har fått med oss 12 utstillarar med mange produkt av god kvalitet. Utstillarane kjem både frå Svelgen , Botnane og Florø.- veldig kreative folk som stiller med handlaga gards- og brukskunst . Det er ikkje heilt slik som dei vanlege julemessene rundt omkring, fordi det er litt tyske og nederlandske innslag. Dette blir interessant. I fjor hadde vi kring 250 besøkande og supersal, så mange gler seg truleg til årets messe også, fortel Jacqueline.

Ho tilbyr produkt som er uvanlege for vår region og som gjer at julemessa i Botnane skiller seg ut frå andre.

I tillegg til å fremje lokalt handverk og handel ynskjer Jacqueline Mannaart at folk skal få augene opp for at det skjer noko i bygdene . At det å bu og leve på bygda gjev folk idear og inspirasjon til å skape.

– Det er snart ein attraksjon i seg sjølv å sleppe alt dette masseproduserte på «tilbod». Eg trur vi vert tette i hovudet av stadig å møte ein svær stabel med billeg dopapir, eller ein heil vegg med like julenissar. Dei kan vere fine nok nissane, men det vert trasig å møte att same julenissen i alle heimar. Det kan vere greitt å møte ein nisse som korkje er norsk eller hollandsk, men noko heilt for seg sjølv.

Dette er utstillarane

Jackelin Alberts, Svelgen, med dekorasjonar og syarbeid

Tessa Muller – Vredeveld, Svelgen, med ulike typar sydde vesker.

Tamara Marica Leirvik Mjåseth, Svelgen, med såper og velværeprodukt

Tone Damstuen Mulelid, Mulelida, med sydde bolletrekk og babykle

Bolette Maria Nordbotten, Botnane, med strikka barnevottar

Marion Van Eck Ederveen, Botnane, med broderte julekort og hollandsk julebrød.

Esmee Van Eck, Botnane, med sjølvteikna julekort/aqvarell

Lena-Astrid Mannaart, Botnane, med julebakst

Jacqueline Mannaart, Botnane, med ulike treprodukt og løvsagarbeid

Bente Årebot, Årebrot, med ulike strikkevarer

Britt Maret Sunde, Florø, med quilta løparar og teppe

Ståle Sørbotten , Førde, med dreia treskrin.

Tilbyr skogen til naturreservat, vil utvikle natursti







Artikkeltags