– Vedtaket er fullstendig ko-ko

OPPGITT: Når faglege råd og respekten for langsiktige samferdselsprioriteringar blir tilsidesett, blir floraordførar Ola Teigen forbanna. – Dette må framstå som fullstendig ko-ko. Vel er vi klar over at det er hard kamp om midlane, men vedtak av den typen fylkesutvalet gjorde tysdag, skal rett og slett ikkje vere mogleg, strekar Teigen under. Arkiv

OPPGITT: Når faglege råd og respekten for langsiktige samferdselsprioriteringar blir tilsidesett, blir floraordførar Ola Teigen forbanna. – Dette må framstå som fullstendig ko-ko. Vel er vi klar over at det er hard kamp om midlane, men vedtak av den typen fylkesutvalet gjorde tysdag, skal rett og slett ikkje vere mogleg, strekar Teigen under. Arkiv

Artikkelen er over 1 år gammel

– Eg blir oppgitt, frustrert og forbanna, eg stiller også spørsmål ved korleis det i det heile tatt er mogleg å treffe slike vedtak.

DEL

Floraordførar Ola Teigen visste ikkje om han skulle le eller grine over vedtaket som vart treft i fylkesutvalet tysdag. På administrasjonen si tilråding innstilte fleirtalet i fylkesutvalet, i tolvte time, på eit vedtak der ein ber fylkestinget om å gå inn for ei samferdselsutbygging på kysten som fullstendig vil stikke kjeppane i hjula for alt arbeidet som har vore lagt ned med 45-minuttsregionen og kystvegen til no.

LES OGSÅ:

Ferje føre bru

Vedtaket handla om kva type utbygging ein ønsker å gå for. Frå Måløy over til Bremanger har det vore planlagt ei bru som skal finansierast av fergeavløysingsmidlar, bompengar og eit statleg bidrag. Dette har ein totalkostnad på om lag 2,5 milliardar kroner. Dette prosjektet har fylkesutvalet grøfta etter råd ifrå administrasjonen. Dei har heller valt å innstille på eit nytt ferjesamband der brutraséen etter planen skal ligge. Prislappen på dette ferjesambandet er på 1,2 milliardar. Men ikkje nok med det: Over Ålesundet og Førdefjorden mellom Askvoll og Naustdal har dei derimot funne ut at ein skal bygge bru. På dette området har ein ikkje fergeavløysingsmidlar, det er langt dårlegare grunnlag for bompengefinansiering. Like fullt er det her fylkesutvalet meiner det er riktig å bygge bru til ein langt høgre prislapp enn Dalsfjordbrua.

Fleirtalet i fylkesutvalet er på fem-fire og saka skal opp i fylkestinget, men floraordførar Ola Teigen meiner politikarane som gjekk inn for dette umogleg kan skjønne kva dei styrer på med.

Dette er bensin på bålet for alle dei som meiner fylkespolitikarane nedprioriterer kysten.

Ola Teigen, Ordførar Flora kommune

Ny bru

– Her går dei inn for bru der det ikkje er grunnlag for å finansiere ei bru. Der det derimot er grunnlag for bru skal ein heller bruke 1,2 milliardar i eit ferjesamband som i praksis vil øydelegge for ei framtidig ytre brukryssing av Nordfjorden.

–Er dette å underminere Kystvegen?

– Det er det ikkje tvil om. Og det er så skuffande måten det blir gjort på. Det blir spelt inn argument heilt på tampen som går mot alle faglege råd. Eg kan berre vise til Statens vegvesen som er faginstansen vi politikarar skal støtte oss på, dei tilrår bru. Nei, dette er heilt utruleg, seier ein tydeleg oppgitt Teigen.

Ordføraren fortel det er berre å konstatere at dei som jobbar for utvikling på kysten har betydelege krefter på mange frontar å kjempe mot. Han ser heilt klart at argumentasjonen dei har nytta om effekten ved å bygge ein effektiv bu- og arbeidsregion på kysten, som er heile poenget med kystvegen, blir ytra for døve øyre.

– Det er skuffande at vi ikkje har komme lengre.

– Når faglege råd blir kasta til side og vedtak som viser at dette handlar om ein maktkamp om samferdselsmidlar, framfor at behov og argument skal vere grunnlag til å fordele midlane, er ikkje dette noko som svekker tilliten til dykk politikarar?

– Jau. Umiddelbart blir eg oppgitt, frustrert og forbanna, eg stiller også spørsmål ved korleis det i det heile tatt er mogleg å treffe slike vedtak. For den gjengse innbyggar må dette stå fram som fullstendig ko-ko, avsluttar floraordføraren.

Det som gjer seg gjeldande no, er forsøket å få oppstatsmidlar til Fylkesveg 57 over Bringeland før oppstart av Kystvegen. På same måte som Førdepakken også vart sett føre kystvegen i prioriteringslista. I tillegg er det aliansen leia av Senterpartiet som arbeider svært aktivt med ei midtre brukryssing av Nordfjord over Anda-Lote.

Saka skal opp i fylkestinget 6. desember.

Artikkeltags