Moromannen Tokvam skal leie Elkem-festen

Laurdag 25. august blir det storstila feiring av 90-åringen Elkem Bremanger. Då er Finn Tokvam god å ha.

DEL

Den store hjørnesteinsverksemda i Svelgen skal feire 90 år med brask og bram neste laurdag.

– Eg er glad Finn Tokvam kjem for å leie arrangementet. Han er ein fin fyr, seier HR-manager Trudi Vågene ved Elkem Bremanger. Programmet er under finpussing og dei legg opp til å ta i alle gode kulturkrefter frå heile kommunen. Dei satsar 100 prosent på arrangement i friluft og riggar opp ei scene på parkeringsplassen i parkområdet mellom Svelgselva og Riseelva.

Silisium opnar

– Vi håpar det kjem til å gå bra. Litt regn toler vi i Bremanger, slår Vågene fast.

Silisium vokal: F.v. Linn T. Belset Helldal, Linn K. Sande Igland, Silje Dahle, Elisabeth Solbakken, Monica Hauge, Elise Tuul, Grete Berntzen, Hilde Hauge og Jane Elisabeth Hoel. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Silisium vokal: F.v. Linn T. Belset Helldal, Linn K. Sande Igland, Silje Dahle, Elisabeth Solbakken, Monica Hauge, Elise Tuul, Grete Berntzen, Hilde Hauge og Jane Elisabeth Hoel. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Frå klokka 12 skal den kjende kulturprofilen frå NRK leie ein konsert med lokale krefter og ingen er meir sjølvskrivne til å opne konserten enn damekoret Silisium, som har teke nemnet sitt frå eit av dei viktigaste produkta frå smelteverket. På scena vil du også få oppleve bandet Nemo, Svelgen Songlag, Songtøttene frå Kalvåg og Hans Kristian Holthe Band leiar av den unge Kalvåg-gitaristen som fekk Drøymestipendet nyleg.

Konsert i hamnebassenget

I løpet av dagen blir det tre guida omvisingar på verket med buss.

I år feirar også Norske Musikkorps Forbund 100 år. Skulemusikken i Svelgen i lag med Smalsarhorn Skulemusikk markerer dette med å halde konsert på dekket av veteranbåten «Haugefisk» i hamneområdet i Svelgen. Då kan publikum stå på torget eller strandpromenaden og nyte taktfast hornmusikk gjalle mellom Norgulen-fjella.

Konsert og dans

På ettermiddagen startar konserten med dei profesjonelle kreftene; først Sigrid Moldstad med band, deretter Beat for Beat-kjendis Atle Pettersen med band, så vår alles kjære fylkestrubadur Olav Stedje.

 Her ser vi Olav Stedje og Finn Tokvam i aksjon med "Vestlandsrevyen" ved eit tidlegare høve.

Her ser vi Olav Stedje og Finn Tokvam i aksjon med "Vestlandsrevyen" ved eit tidlegare høve. Foto:

– Til slutt blir det dansemusikk med Bjørn Engelbrektson med duoen Pink Six fram til klokka to på natta, fortel Trudi Vågene, som håpar at flest mogleg frå heile kommunen kjem for å feire hjørnesteinsverksemd nummer ein i kommunen.


Artikkeltags