Det svingar godt på Hjortegarden

Karl Vidar og Sonja Kristin Førde driv hjortegarden i Ålfoten- og arrangerer pubkveldar som ein del av drifta. Her ser 10 aldrande menn-bandet med gjester spele medan folk kosar eg.

Karl Vidar og Sonja Kristin Førde driv hjortegarden i Ålfoten- og arrangerer pubkveldar som ein del av drifta. Her ser 10 aldrande menn-bandet med gjester spele medan folk kosar eg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Vertskapet Sonja Kristin og Karl Vidar Førde på Hjortegarden bidreg sterkt til oppsving i Ålfoten-bygda.

DEL

I helga arrangerte Hjortegarden pubkveld nummer tre - no for første gong med levande lokal musikk henta frå 10 aldrande menn-bandet, som er kjende for påskerevyar i Davika.

- Det gjekk veldig bra. Vi hadde 80 til bords og det var veldig kjekt med god live-musikk, seier Sonja Kristin Førde, som er dagleg leiar på Hjortegarden.

LES OGSÅ:

I førre veke hadde dei 140 gjestar til saman til omvising og aktivitetar på garden, som er gjort om frå eit tradisjonelt mjølkebruk til eit anlegg for hjorteoppdrett og gardsturisme. Dei starta opp driftsselskapet frå januar 2017 og er inne i sitt første heile driftsår som aksjeselskap.

Karl Vidar og Sonja Kristin Førde driv hjortegarden i Ålfoten- og arrangerer pubkveldar som ein del av drifta. Her ser 10 aldrande menn-bandet med gjester spele medan folk kosar eg.

Karl Vidar og Sonja Kristin Førde driv hjortegarden i Ålfoten- og arrangerer pubkveldar som ein del av drifta. Her ser 10 aldrande menn-bandet med gjester spele medan folk kosar eg. Foto:

Dei tilpassar besøket etter kundane sine ynskjer- enten det er ein skuleklasse eller ein blåtur for eit firma. Her kan ein drive med mating av hjort, hjortejakt for erfarne jegerar og fyrstegongsjegerar, kursing innan flåing, partering, foredling av kjøt, aversjon på hjort og konkurransar/lagbygging som øksekast, mjølkespannholding, tautrekking og så vidare. Hjortestova er samlingslokalet på låven, som kan brukast til kurslokale, møter og pub.

- På sikt skal vi også få inntekter frå kjøtproduksjon, men må bygge opp stammen først, fortel Sonja Kristin, som ser mange positive trekk i utviklinga i bygda. Eit nytt kraftverk er under bygging på Sigdestad og på Myklebust bygger ein stor ny moderne robotfjøs.

- Grendalaget har også eit prosjekt med å marknadsføre bygda for tilflyttarar. Vi arbeider no med kartlegging av det som finst av hus som kan bidra til å få unge folk hit.

Sjå sak om informasjonsfilmen som er laga:

På besøk på Hjortegarden i Ålfoten. Hos Karl Vidar og Sonja Kristin Førde.

På besøk på Hjortegarden i Ålfoten. Hos Karl Vidar og Sonja Kristin Førde. Foto:

Artikkeltags