– Dei farlegaste stadene blir ikkje sikra

Frode Vik.

Frode Vik. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi var enormt glade for endeleg å få vegsikring, men blei sjokkerte over kor dei nye støypekantane blir plasserte.

DEL

VIDEODet seier Frode Vik, som ofte køyrer på fylkesvegen mellom Isane og Rugsund.

– Då eg kom køyrande utover langs fjorden, var det vanvitig å sjå kva dei eigentleg hadde sett igjen. I staden har dei sikra plassar som ikkje er så farlege. No har eg kjefta på dei og bedt om ei synfaring der dei ansvarlege i Statens vegvesen får komme å forklare, seier han.

Synfaringa blir den 25. oktober.

Det er noko som skurrar her.

Frode Vik

Vik er provosert over at argumentasjonen om at det er små løyvingar og meiner at då blir det ekstra viktig å sikre dei farlegaste stadene.

– Det verkar som om ingen tek ansvar og heller skuldar på forgjengarane.

Vik har jobba i foreldreutval i skulen då han hadde ungar i skulen og då stod trafikksikring av skulevegen til ungane på topp. Men det har ikkje skjedd noko særleg på den fronten.

SJÅ 4 VIDEOAR FRÅ STADENE.

( Artikkelen held fram under videoane) :

    Mellom Davik og Rugsund.

          Nytt ansvarsområde

          Overingeniør Roy Helge Hundere, i plan og forvaltningsavdelinga i Statens vegvesen, har nyleg overteke ansvaret for vegsikring. Dette er eit av fleire område han har ansvar for og han jobbar no med å sette seg inn i saka.

          Sikra vegstrekning i Rugsund.

          Sikra vegstrekning i Rugsund. Foto:

          – Vi har kring fem millionar kroner årleg til dette formålet og det blir fordelt med ca. 40 prosent på Sogn og 60 prosent i Fjordane. Vår oppgåve er å få mest og best mogleg vegsikring ut av desse pengane, forklarer han.

          – Eg forstår at lokale folk kan vere kritiske til våre prioriteringar. Vi tek sjølvsagt lokale innspel med i vurderinga vår, understrekar han.

          2468 km fylkesveg

          Ifølge samferdselsavdelinga i fylkeskommunen er det 2468 km fylkesveg inklusiv gang og sykkelvegar.

          For 5 millionar kroner kan ein maksimalt få ut 3- 3,4 kilometer betongrekkverk, ifølge Hundere.

          Statens vegvesen må vekte mange omsyn opp mot kvarandre.

          Usikra vegstrekning mellom Davik og Rugsund.

          Usikra vegstrekning mellom Davik og Rugsund. Foto:

          – Vi ønsker å hindre at trafikantar skal verte alvorleg skadd eller døy. Utforkøyring er ein av dei vanlegaste ulykkestypane og her i fylket har vi ikkje så mykje sideareal som tilgir deg for at du køyrer ut. Dette forsøker vi å sikre år for år. Ein må då vekte konsekvens mot sannsyn. Ein ser også på ulukkestatistikk, kurvatur og fartsnivå og trafikkmengd. Kva vert konsekvens ved utforkøyring, kva er sannsynet på denne strekka, kva kan ein få ut av midlande ein har fått tildelt. Ein strekning kan koste så mykje og gi den sikringa, medan andre stadar kan ein få sikra meir mengde, men kanskje utan same effekten. Ein del stadar er vegen også så smal at det vil vere vanskeleg å få på plass nytt rekkverk i betong utan å stele av vegbreidd, forklarer overingeniør Hundere.

          Fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, fortel at det dei siste åra har vore løyvd 8,2 millionar kroner til trafikktrygging på investeringsbudsjettet.  I tillegg blir det nytta vedlikehaldsmidlar til rekkverk ut frå prioriteringar i Statens vegvesen.

          Dei siste åra har det vore laga nokre kilometer med rekkverk- enten støypt eller i stål.

          1013: 3 km

          2014: 15 km

          2015: 18 km

          Artikkeltags