Sang duett med Vera Lynn

Joyce Matthews Varpe saman med dei to eldste borna sine, Magnus f. 1944 og Nelli f. 1951. Bildet er teke i Plymouth i juni 1955. Foto utlånt av Mary Jane Varpe.

Joyce Matthews Varpe saman med dei to eldste borna sine, Magnus f. 1944 og Nelli f. 1951. Bildet er teke i Plymouth i juni 1955. Foto utlånt av Mary Jane Varpe.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Før Joyce Alexandra Matthews gifta seg og flytta til Bremanger, hadde ho i tillegg til jobb i flyvåpenet, også ei musikalsk karriere heime i Plymouth i England. Mellom anna var ho fleire gonger på scena saman med Vera Lynn.

DEL

ALBUMFørre laurdag skreiv vi om den engelske storbyjenta Joyce Alexandra Matthews som fann kjærleiken under krigen med Magne Varpe frå Bremanger. Dei gifta seg i 1943, og fekk sonen Magnus året etter. Då krigen var over, flytta Magne tilbake til Bremanger, og Joyce og vesle Magnus følgde etter i 1947. Det var ein enorm overgang for unge Joyce. Ho vart fødd i Plymouth i 1924, der ho vaks opp i ein søskenflokk på sju. Foreldra til Joyce, Nellie og Charles, eigde eit hotell i Plymouth, der Joyce arbeidde innimellom skulegang og musikkstudier. Ho gjekk i opera-og pianolære hos ein fransk musikklærar. Seinare byrja ho å synge i storbandorkesteret Victor Silvester. Dei ville gjerne ha ho med til USA, dette var i 1939-1940. Då var ho 16år gammal. Mor hennar sa nei, så i staden vart det arbeid på hotellet og i puben til foreldra.

Under krigen verva ho seg som lotte etter eit års sanitetsopplæring i The Royal AirForce, Plymouth. Dette var sjøflybasen på Mountbatten. Jobben hennar var å passe på at mannskapa hadde med seg nødvendig utstyr når flya skulle ut på tokt. Når flya kom att, måtte ho ut til dei i småbåt og ta seg av såra og døde flysoldatar. Seinare utdanna ho seg til kokk på basen. Det var der ho fekk fleire gonger fekk høve til å synge til soldatane saman med Vera Lynn. Dei to song også saman på scena i London.

Ein kveld ho stod på vakt, opplevde Joyce sjå heimbyen stå i flammar etter eit tysk bombeangrep. Heimen hennar vart lagt i ruiner, og familien var borte. Seinare fann ho far og søsken på ein skule, mor låg på sjukehus. Det var ei stor lette å finne dei i live. Etter kvart kjøpte foreldra seg eit nytt hotell, som unngjekk bombene resten av krigen. Det var på dette hotellet ho traff sin kjære Magne, då ho ein av mange kveldar song for soldatane i baren.

Artikkeltags