Kamp om akvakulturlokalitetar i Bremanger

 Fjord Seafood - og seinare Marine Harvest sitt matfiskanlegg i ved Gulestø i Bremanger.

Fjord Seafood - og seinare Marine Harvest sitt matfiskanlegg i ved Gulestø i Bremanger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Marine Harvest vil sikre seg ny oppdrettslokalitetet i Frøysjøen ved Berle i konkurranse med tre Austevoll-firma.

DEL

Marine Harvest har drive eit oppdrettsanlegg ved Gulestø på sørsida av Frøysjøen i mange år allereie og ser på lokaliteten på nordsida av Frøysjøen som mogleg integrert del av si drift med planlagde brakkleggingar av anlegg.

Sjølve anlegget inklusiv fortøyingar vil komme ut forbi området som er berekna til akvakultur i kommuneplanens arealdel. Det må difor gjevast dispensasjon frå kommuneplanens arealdel.

I følge søknaden ser dei det som viktig å sikre at andre aktørar ikkje etablerer seg nærområdet i Frøysjøen. I aust i Frøysjøen har K. Strømmen Lakseoppdrett lokalitet ved Løypingsneset ( ca. 10 km unna Skipperdalen). Avstand mellom Gulestø og Skipperdalen er ca. 5.km. Avstandane er ok i høve dei retningslinene som gjeld for etablering av akvakulturlokalitetar.

Marine Harvest har fleire operative einingar i Nordfjord-området og har eit regionkontor på Raudeberg i Vågsøy.

Artikkeltags