Satsar internasjonalt ut frå Novelandet

Artikkelen er over 2 år gammel

Audun og son Ronny Bakke satsar internasjonalt med eit digitalt tryggleiks-armband for sjøfolk og oljearbeidarar.

DEL

Inkubatorbedrift hos Aksello i Florø:  Dimeq har fått status som inkubatorbedrift hos Aksello i Florø.

– Personleg finn eg ikkje ord til å takke for hjelpa og mottakinga vi har fått frå folka i Aksello. Å ha dei med på laget er blant dei beste strategiske avgjerda vi har tatt i selskapet, seier Audun Bakke, som har flytta tilbake til Novelandet etter at han pensjonerte seg frå jobben som skipskaptein på dei sju hav.

Tilbake til Novelandet

Han kan utan å skjemmest ta litt av æra for folketalsauken i grenda, fordi tre av dei fire barna hans har også flytta hit med sine familiar.

Dimeq er ei far- og sonbedrift. Dagleg leiar Ronny Bakke har teknisk utdanning og arbeidserfaring som chief på seismikkskip, og far, Audun Bakke, har mange års erfaring innan seismikkfartøy, både som kaptein og i reiarlag.

– Vi testa nyleg tryggleiksarmbandet om bord i Skulebas i Måløy og testen gjekk veldig bra. Utfordringa har vore å få radiosignal til å fungere i eit lukka stålmiljø. Dette meiner vi at vi har klart. Men no går vi over i neste fase, som er utviklinga av prototypen av Dimeq-systemet, som vi skal installere på eit PGS-fartøy. Denne fasen er kapitalkrevjande og vi vil trenge eksterne investorar, fortel Audun Bakke.

Havet sentralt

– Sjøen har alltid vore sentral i vår familie-   frå fiskarar til båtbygging, og livet til far min og meg har også vore tett knytt til sjøen. Så med dette i blodet, pluss ein lidenskap for ingeniør, teknologi og vitskap, såg eg ein moglegheit til å løyse dei problema som oppstår i naudsituasjonar i sjørelaterte jobbar, fortel Ronny Bakke til Aksello.

Produktet, EYED; er eit digitalt armband til bruk på personell om bord på maritime fartøy eller installasjonar. Bruksområdet er primært HMS-relatert, med lokalisering av mannskap i ein naudssituasjon (som brann eller mann-over-bord), mannskapskontroll og nøkkel/adgangskontroll. Idéen har internasjonalt potensial, har fått innvilga nasjonal patent, og det er også søkt om internasjonal patent på teknologi i løysinga.

Intensjonsavtale

Bedrifta har inngått samarbeidsavtale med Shipadmin AS på leveranse og support av SW, og eit polsk selskap, FP Instruments, på leveranse av HW. Selskapet har også inngått avtale med Opplæringsfartøy AS for bruk av M/S Skulebas, opplæringsfartøyet for marine- og maritime fag i Sogn og Fjordane, til test av løysinga.

Her kan du sjå presentasjon og video av DIMEQ.

Artikkeltags