Gå til sidens hovedinnhold

Bremanger tok eit langt steg mot ny kontrakt i Kretsligaen

Bremanger slo Dale 2-1 heime i sluttspelkampen i Kretsligaen.

Bremanger spelte 1-1 mot Høyang i siste kampen i seriespelet i Kretsligaen sist helg. Dermed kom dei på 5. plass i sin avdeling i Kretsligaen, på plassen føre Kaupanger.

Det kan ha vore nok til å berge plassen, men det er avhengig av korleis det går i Norsk Tipping-ligaen. Der ligg både Årdal og Sogndal an til nedrykk. Fjøra er også i faresonen, men er over streken i skrivande stund. Går alle dei tre laga frå Sogn og Fjordane ned, skal det også tre lag ned frå Kretsligaen.

Det betyr at Bremanger må slå Dale IL over to kampar for å være heilt sikre på at dei held plassen.

Første kamp blei spelt laurdag, i Bremanger, og dei raude gjorde jobben sin sjølv om det var Dale som kom best i gang.

I det 31. minutt var det nemleg gjestene som scora det første målet. Sander Rørvik Solheim var sist på ballen.

Men Martin Igland Senneset utlikna for Bremanger, slik at det sto 1-1 til pause.

Etter pause var det Vebjørn Igland Nigardsøy som scora det einaste målet. Det skjedde i det 72. minutt, og dermed blei sluttresultatet 2-1 til Bremanger.

Dei har dermed eit godt utgangspunkt før den siste kampen. Klarar dei å unngå tap på Dingemoen neste helg tek dei 9. plass i årets Kretsliga, og er sikra ny kontrakt.

Skulle dei tape og hamne på 10. plass må dei stole på at Fjøra held plassen i Norsk Tipping-ligaen. Det ligg dei godt an til å gjere, etter at dei slo Lysekloster 3-0 laurdag.

Kommentarer til denne saken