"Det finst eit gamalt ordtak i Tennessee - eg veit det finst i Texas, truleg i Tennessee og... Som seier; lur meg ein gong - skam på… øh... skam på deg. Lur meg - øh... du kan ikkje bli lurt to gonger!" – George W. Bush


Enkelte av politikarane i Bremanger, særleg i Senterpartiet, synest å ta visdommen til gamlepresident Bush til hjartet, og meiner det er unødvendig å gjere ein uavhengig sjekk av kva det lokale kraftselskapet SFE seier og gjer for å få byggje vindkraftverk. Dei må jo få dispensasjon snarast, for dei er jo lokale, frå Gloppen. Klart ein ikkje kan bli lurt, sier dei. Men var ikkje ein viss konsernsjef i Terra frå nabokommunen og?


Når dollarteikn kjem i auga, forsvinn kritisk tenking. Trass i kor mange eksempel ein viser på at både kommune og lokalsamfunna sit igjen med lite anna enn øydelagt natur. Kinn kommune sin andel av Guleslettene - 20 turbinar - er meir enn det som er planlagt på Bremangerlandet. Dei reknar med å få to millionar årleg frå vindparken, men må ut med 60 millionar til nytt drikkevatn. Og vi skal liksom stole på SFE når dei «trur» det blir 10 millionar og mange arbeidsplassar på Bremangerlandet?


Saka som skal opp i kommunestyret no, har formannskapet allereie behandla grundig i heile fire møter. Dei vindkraftfrelste i Senterpartiet sitt leiarskap kunne ha flytta saka til kommunestyret ved førre behandling om dei trudde det var fleirtal for vindkraft. Dei gjorde dei ikkje, for deira partnerar i SFE hadde meir tru på å nytte tida på overkøyring av lokaldemokratiet med statleg tvangsplan. Men SFE fekk nei med regjeringa, og må igjen forhalde seg til kommunen.


SFE sitt forsøk på ny behandling no saman med budsjettet, legg opp til å hause opp bygdestrid. Og diverre spelar ja-sida ved SP-leiar Magne Kjerpeseth med, der han lar SFE-direktør Ola Lingaas spele rolla som julenissen som skal reversere Terra-kutta i skulebudsjettet. Men nokon gåver har han ikkje med, snarare tvert i mot så gjer han sitt beste for at adventstunda blir nytta til å slipe knivar og sette grender i opp mot kvarandre. Det kunne sjå ut til å bli heilt texas.


For sjølv om dei færraste i Ålfoten og Kalvåg har noko særleg til overs for vindindustrien sine herjingar og tap av biologisk mangfald, så kunne det bli spannande om ein får dei til å ta eit falsk val mellom nærskulen og vindkraftverk i ei anna bygd.


For som eg har tidlegare har retta fokus mot, så vil Bremanger òg få store pengar frå å seie nei til vindkraft. Alle framtidige kraftprosjekta til SFE er i Bremanger kommune. Om det ikkje blir vindkraft, så bruker dei pengane på å oppgradere vasskrafta, noko som vil gje kommunen både større og meir langsiktige inntekter utan valdsame nye naturinngrep. Og om dei på trass lar vere å investere i det heile, så får kommunane større utbytte. Bremanger sit difor med alle korta, og bør ikkje la seg presse til å ofre trekkfugl for kortsiktige pengar.


Eg har lese alle søknadane til SFE, samt avslaget som formannskapet gav sist. Konklusjonen er at SFE ikkje forstår plan og bygningslova. Dei utbetrar ingen av feila og manglane som formannskapet påpeikte sist, men meiner i staden at kommunen er lovpålagt til å tilrettelegge for vindkraft, noko staten har avvist ved en rekke høver. Enno meir graverande, så kjem det fram av søknaden at dei ikkje berre søker om dispensasjon for planane som ligg til klagebehandling i NVE, men alle framtidige endringar dei måtte finne på!


Og SFE har allereie nye omfattande endringar på gang som dei har sendt inn som søknad til NVE i haust. Dei flyttar framleis rundt på turbinane som sjakkbrikker. Har dei informert kommunen om dette? Ingenting i postlistene til kommunen tyder på det.


Eg konsulterte med ein ekspert på plan og bygningslova om det var lovleg å på førehand gje dispensasjon til framtidige endringar ein ikkje veit innhaldet i no. Sjølvsagt er det ulovleg, seier han. Ein kan berre gje dispensasjon til eit endeleg tiltak. Om det kjem endringar, så må det søkast på nytt for heile vindkraftverket, ikkje berre endringane.


Om kommunen trassar åtvaringane og gjev SFE ein ugyldig dispensasjon, og fylkesmann og stat ropar stopp etter at anleggsarbeidet er i gong, så er det ikkje SFE som sit i saksa, det er kommunen. SFE vil kunne pårope seg å ha «handla i god tru», medan dei leverar milliardsøksmål til kommunen fordi dei ikkje rekk å bli ferdig innan fristen på 01.09.2022. Dette er ikkje berre hypotetisk, det vart slått fast no denne veka at ei kommune på austlandet har gjeve ulovleg dispensasjon til vindkraft.


Sjølv om tidlegare tiders blinde tru på «lokale» finansakrobatar har satt Bremanger kommune i ein vanskeleg økonomisk situasjon, så går kommunen nesten i balanse i 2020 – til trass for ein ny Terra-smell på rentebyteavtaler på 18 millionar og at ein tok vekk vindkraftinntekter frå Bremangerlandet frå budsjetta. Dei 9 millionane ein må kutte neste år er dekking av tidlegare tiders underskot. Det ligg ann til at ein gjer eit fornuftig kompromiss der ein fordelar kutta jevnt ut på alle skulane i staden for å ramme Ålfoten og Kalvåg særskilt. Det vil likevel ramme elevane, men Bremanger er eigentleg ikkje ei fattig kommune og kan auke innsatsen i skulen seinare. Det blir bra igjen!


Det kommunen absolutt ikkje har råd til, er å råke ved tilliten til folk både om skulestruktur og vindkraft på Bremangerlandet. Det rammar bulysta for hardt, og samarbeidet og solidariteten mellom grendene forsvinn. Det er fleire som sit på gjerdet om dei vil flytte heim, og det er folk som har uttalt at dei flyttar frå Bremanger om vindkrafta kjem. Negativ utvikling i barnetalet ein stad i kommunen påverkar strukturen elles, der Ålfoten som minste skule er mest truga – trass i at barnetalet der aukar.


Ein kan ikkje la seg lure - enno ein gong - til å gamble med framtida til Bremanger, berre fordi nokon lokkar med kortsiktig vinst.


Les også

Store inntekter frå Bremangerlandet

Les også

Ei betraktning rundt skolestruktur og vindkraft i Bremanger.