I denne artikkelserien set Firdaposten søkjelys på kva faktorar som spelte inn då Bremanger saman med sju andre kraftkommunar hamna i klørne på kreative finansmeklarar. Den kompliserte historia er forsøkt fortalt på ein enkel måte.
Vi har organisert stoffet i seks delar som til saman skal utgjere ein heilskap:
1. Intervju med ordførarar Einar Kjerpeset, som var med i innleiande fase

– Vi overrekte Erna ei øks. Men det skulle vise seg å vere eit tveegga sverd
2. Lokka ut på børsglattisen i sparebankane sitt namn
3. Oppsummering frå advokatane i Lund & Co

– Terrasaka burde vere pensum i folkevald-opplæringa
4. Intervju med lokalpolitikar Kåre Jarl Langeland:

– Ordførar Svarstad vart urettferdig behandla
5. Den lange vegen ut av Terra-knipa
6. Trudde Terra-ryddinga skulle ta fem år, men det blei 14
Firdaposten har kontakta alle relevante lokale kjelder undervegs i arbeidet med denne saka. Mange av dei har takka nei til å uttale seg.