Dei inviterer til storkonsert rett over påske

MOTIVATOR: Instruktør Terje Tafjord fekk i helga fram det beste i Bremanger skulemusikk og Bremanger Musikklag. Laurdag 7. april er dei klare for konsert i Bremangerhallen. Begge foto: Annbjørg Hauge Nygård

MOTIVATOR: Instruktør Terje Tafjord fekk i helga fram det beste i Bremanger skulemusikk og Bremanger Musikklag. Laurdag 7. april er dei klare for konsert i Bremangerhallen. Begge foto: Annbjørg Hauge Nygård

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Med ei fin blanding av gammalt og nytt stoff, er skulemusikken og musikklaget speleklare til storkonsert helga etter påske..

DEL

Konserten har fått det optimistiske namnet Happy, og Bremanger Skulemusikk og Bremanger Musikklag har trua på at dei skal greie å gje publikum ei kjekk musikkoppleving.

– Musikalsk blir dette fullt på høgde med tidlegare musikkprosjekt i regi av musikklaget og skulemusikken, og vi har sjølvsagt proffe aktørar som styrer lyd og lys. I tillegg har vi med oss band og vokalistar, så dette blir kjempebra, meiner leiarane i dei to korpsa, Kirsti Svarstad og Karine H. Igland.

God musikalsk blanding

I helga var dei godt over førti musikantane samla til seminar over to dagar, og med instruktør Terje Tafjord sin entusiastiske og humoristiske direksjon kjenner dei seg no godt rusta til konserten 7. april. Og for publikum er det berre å gle seg til ei herleg blanding av gammalt og nytt stoff, og med ei og anna overrasking på lur.

UTAN MAT OG DRIKKE: Mat og drikke er viktig på seminar; foreldra Torill Susanne Brekke, Olaug Steinset og Hilde Klungreset diska opp med graut, frukt og kaffi.

UTAN MAT OG DRIKKE: Mat og drikke er viktig på seminar; foreldra Torill Susanne Brekke, Olaug Steinset og Hilde Klungreset diska opp med graut, frukt og kaffi.

– Vi håpar verkeleg at folk set av datoen, det blir berre denne eine konserten, og den er det verdt å få med seg, meiner dei.

Det var Bremanger Skulemusikk som tok initiativet til det nye konsertsamarbeidet, og som følgjeleg står økonomisk ansvarleg for prosjektet.

– Vi er for tida eit lite korps med få musikantar på kvart instrument og kvar stemme, og for å øve inn ein konsert måtte vi ha inn forsterkningar. Invitasjonen gjekk då til musikklaget, og dei takka ja, noko vi er svært glade for. Å få spele i lag i ei slik setting er både motiverande og kjekt, og vi håpar det kan lokke fleire til å begynne å spele i korpset, seier Kirsti Svarstad.

– Slike fellesprosjekt gjev dessutan gode musikkopplevingar på tvers av generasjonane, og er også viktige for framtidig rekruttering til musikklaget, meiner Karine Igland.

Mange fellesøvingar

Sidan årsskiftet har dei to korpsa hatt ei fellesøving i veka, der også bandet og dei innleigde vokalistane Halvor Nesbakk, Elisabeth Solbakken, Hilde Hauge, Monica Liset Hauge, Jim Steven Igland og Grete Berntzen har vore med. Korpsa stiller også med eigne vokalistar; Rakel og Uxama, samt dirigentane Trond Strand og Norvall Klungresæter. Repertoaret er ei herleg blanding av låtar frå tidlegare prosjekt som Commitments, Blues Brothers og ABBA, og nye, ferske popmelodiar, ikledd skodespel og ablegøyer.

Artikkeltags