Lokal krim på kino

Detektivane Anders Igland og Leif-Erik Senneset blir å oppleve på kinolerretet laurdag.

Detektivane Anders Igland og Leif-Erik Senneset blir å oppleve på kinolerretet laurdag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Bremanger Musikklag lagar skikkeleg åtgaum med lokal krim på kino laurdag.

DEL

Bremanger Musikklag set laurdag opp kinoframsyning i kulturhuset Heimen på Hauge i Bremanger.

Det blir ønskjereprise på dei ultralokale filmane «Det store pengemøtet» frå 2014 og «Heilt dyrisk» frå 2015. I den første filmen spelte heile kommuneleiinga + lensmann Strandos, medan årets krimkomedie utspelte seg rundt lokalbutikken Håvardstun i Bremanger.

Underteikna såg siste filmen under "Krim og dans i Pollja"-arrangementet i påska og kan gå god for god underhaldning.

Inntektene går uavkorta til å sikre tilbodet på dugnadskinoen i bygda.

Artikkeltags