Ein mann i femtiåra busett i Bremanger er sikta for å ha brote covidforskrifta i smittevernlova då han kom til Norge frå utlandet i mai. Mannen kom til Flesland Lufthamn via Schiphol i Amsterdam, frå eit land utanfor Europa.

I følgje reglane som gjeldt på dette tidspunktet, skulle mannen ha vore i karantene på eit hotell i 10 døgn då han kom heim.

Det droppa han, og risikerer no å måtte betale 24.000 kroner i bot, om saka går til retten. Om han vedtek førelegget, slepp han unna med 20.000 kroner.

Saka er beramma til 2. november i Hordaland tingrett.