Gå til sidens hovedinnhold

Bremanger: Lastebil står fast i tunnel

Ein lastebil står fast i ein tunnel på Hornelsvegen mellom Svelgen og Rugsund.

Ein lastebil har køyrt seg fast i tunneltaket i Litlevasstunnelen nær Svelgen på fylkesveg 614, melder Alarmsentralen 110 Vest på twitter.

Ulukka blei meld klokka 09.45, og ifølgje alarmsentralen skal lastebilen stå fast og ikkje vere køyrbar.

Det skal ikkje vere snakk om noko personskade, og brannmannskap er på veg til tunnelen for å få kontroll på skadestaden.

Det er ein tømmerbil som har kilt seg fast i den 85 meter lange tunnelen, melder Vest politidistrikt.

Det skal vere passasje for anna trafikk på ulukkesstaden.

Kommentarer til denne saken