Gå til sidens hovedinnhold

Bremanger i flytsona

Artikkelen er over 6 år gammel

Bremanger er gode, har flyt og innkasserte årets tredje storsiger.

5. divisjon herrar: Bremanger - Førde 3:

4-0 stod det i målprotokollen etter endt dyst på vårsleppet på Hauge stadion. Bana var blaut og humpete og bidrog til at mange ambisiøse dempingar og spark på ballen lett blei sjåande klønete ut. Det var ikkje ei bane som innbaud til mykje finspel. 

Etter spel og sjansar var sigeren heilt fortent, men resultatet kan kallast flatterande, for Førde 3 hadde ballen i ramma i BIL-målet eit par gonger og dei raudekledde avverga baklengs heilt på målstreken i første omgang. På den andre sida hadde Bremanger sjansar nok til å skåre dobbelt så mange mål.

Laget har ei solid og kreativ midtbane i kvartetten Eirik Rylandsholm, Simen Hamre, Martin Igland Senneset, Mathias Hammersland. Sistnemnde gjorde ein kjempekamp og serverte målgjevande pasningar. Martin I. Senneset er viktig som arbeidsjernet på midten.

Simen Hamre vart av publikum kåra til banas beste, etter at han fylte på med to nydelege skåringar på målkontoen. Han er no oppe i seks mål etter tre kampar . Bestemann mot Selje førre helg, spiss Martin Klakegg Hauge, ordna 1-0 etter flott førearbeid av Hammersland.

Det stod 3-0 til pause.

4-0 var signert Magnus Myrhol etter at Gøran Larsen slo eit hardt og lågt innlegg som enda i stolpen etter ei avsluttning og Myrhol skåra sesongens første mål for sin del.

Simen Hamre var gjennom og åleine med keeper eit par gongar, men lykkast ikkje heilt med ein liten fiks lobb eller med å finte seg forbi keeper. Men 4-0 over Førde 3 er eit godt resultat etter spel og sjansar.     

Sjå detaljert kampreferat.

Kommentarer til denne saken