Gå til sidens hovedinnhold

Bremanger får 84 vaksinedosar i påska

Talet på personar som er ferdig eller i ferd med å bli koronavaksinert, nærmar seg 500.

Fram til torsdag hadde 472 personar i Bremanger kommune blitt vaksinert med dose 1 av koronavaksine. Av desse har 245 personar også fått dose 2, melder kommunen på sine heimesider.

Så langt er det Pfizer og AstraZeneca-vaksine som har blitt brukt i Bremanger. Sistnemnte er det no for tida som kjent pause i bruken av.

Når det gjeld komande veke, i påska, vil helsetenesta i Bremanger motta 84 vaksinedosar.

- Noko vil verte nytta til dose 2, og noko til dose 1. I veka etter påske har vi fått varsel om at vi får rundt 120 dosar med Pfizer si vaksine. Dette er positivt, då vi altså får 204 doser dei to neste vekene. Vi fordeler dosene til dei to legekontora og til kommunalt vaksinasjonsteam etter nasjonale retningslinjer, skriv kommunen på sine sider.

Innbyggjarar som har fastlege i Bremanger kommune vert kontakta av legekontora når dei får tilbod om vaksinasjon.

Dei som ikkje har fastlege i Bremanger kommune, og oppheld seg her, takkar ja til tilbod om å få vaksine ved å ringe til Servicekontoret, telefon 577 96300. Personar med fastlege på Hauge eller i Svelgen vert kontakta av sitt legekontor med tilbod om vaksine.

- For alle gjeld det at de vert kontakta og kalla inn når det er dykkar tur. Vi er i gang med å vaksinere innbyggjarar og dei som oppheld seg her i aldersgruppa 75-84 år, melder kommunen.

Kommentarer til denne saken