Breiband, fiber og mobildekning i Botnane og på Årebrot 

AVGJERANDE: Lokalsamfunna i Botnane og på Årebrot krev no framdrift i det dei meiner er avgjerande for busetnad og næringsutvikling: Utbygging av fibernett. Her ser du Fokus Infranett i jobb med breibandskablar.  (Illustrasjonsfoto)

AVGJERANDE: Lokalsamfunna i Botnane og på Årebrot krev no framdrift i det dei meiner er avgjerande for busetnad og næringsutvikling: Utbygging av fibernett. Her ser du Fokus Infranett i jobb med breibandskablar. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Bygdene Botnane og Årebrot er utan skikkeleg breiband/fiber, og i delar av bygdene er det svært dårleg mobilsamband. Dette gjer det vanskeleg for verksemdene i området. Og for alle som bur der. Enkelt sagt, så er det vanskeleg å drive verksemder utan eit skikkeleg breiband med stor breidde, og eit mobilnett som ikkje minst er 4G. Alternative løysingar for breiband, mobilt eller knytt til koparnettet er i tillegg dyrt.

No har det vore snakka lenge nok om dette. Det er tid for å handle og få gjort noko med det.

I Bremanger var ikkje Botnane med i dei bygdelaga som det no er gjort avtale for med Telenor. Eit tilbod frå Enivest i mai 2018 er det gjort lite med. Det har vi nyleg fått stadfesta av selskapet. No får vi opplyst at det ligg ein opsjon for Botnane i avtala med Telenor. Det er ikkje konkret nok for oss.

Før sommaren sende vi inn ei liste med interessentar på Årebrot, både fastbuande, verksemder og hytteeigarar. Dette skulle inn som grunnlag for søknad om statlege midlar til utbygging av breiband/fiber. Sidan har det vore lite å høyre. Kinn kommune søkte ikkje om midlar, men hadde sitt eige opplegg som også skulle gje Årebrot breiband med høg kvalitet. Vi ventar endå på tilbakemelding om kva som skal skje.

Vi forventar no at det vert gjort noko konkret for å skaffe bygdene Botnane og Årebrot både skikkeleg og godt brukande breiband, og også øver påtrykk på Telenor for å få tilfredstillande mobildekning i alle delar av dei to bygdene. Og vi forventar ein klar framdriftsplan for å gjennomføre det ein bestemmer seg for. Vi er trygge på at både verksemder og private vil stille opp med sitt bidrag for å få ting gjort.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken