Prestisjebåtar frå Hyen er beordra til kai, fryktar for tryggleiken

Dei nye båtane til 20 millionar som er bygt av Br. Aa og som trafikerer Nordlandskysten, har uventa fått store motorproblem, melder NRK.

Dei nye båtane til 20 millionar som er bygt av Br. Aa og som trafikerer Nordlandskysten, har uventa fått store motorproblem, melder NRK. Foto:

To nye hurtigbåtar, bygd av Brdr. Aa i Hyen, er beordra til kai av Sjøfartsdirektoratet.

DEL

To hurtigbåtar som nyleg blei levert til Nordland fylkeskommune, ligg no til kai i Bodø, melder NRK Nordland.

Årsaka skal vere gjentenkne problem med vassjetane som står for framdrifta på dei innovative og miljøvenlege båtane. Ved ein plutseleg stogg på vassjetane, vil det utgjere ei fare for passasjerane om bord, som kan vere så mange som 200 i talet.

Før helga opplevde ein at alle fire vassjetane på den eine båten, "Regine Normann", brått kopla seg ut. Det førte til at også søsterskipet "Elsa Laula Renberg" blei beordra til kai av Sjøfartsdirektoratet.

Også tidlegare i sommar opplevde båtane problem med motorane. Då var det ein og to av til saman fire vassjetar som kopla seg ut.

No skal servicepersonell frå motorleverandøren Rolls-Royce og klasseselskapet DNV GL til Bodø for å finne feilen.

Artikkeltags