Gå til sidens hovedinnhold

Brannvesenet rykte ut til melding om svilukt i bustad

FIRDA: Like før klokka 07.00 tysdag morgon fekk brannvesenet melding om mykje svilukt i ein bustad i Kinn kommune.

– Eigaren meldte det sjølv inn, hen fann ikkje ut kvar svilukta kom ifrå, seier Ole Jakob Hartvigsen i 110 Vest.

Brannvesenet vart sendt og har no konstatert kva årsaka bak svilukta er.

– Det var varmgang i varmekablane. Vi har tatt straumen og eigar tar kontakt med elektrikar, seier Hartvigsen.

Kommentarer til denne saken