Brannvesenet i Måløy har hjelpt til med å legge ut lenser rundt eit fartøy som lek små mengder med olje melder 110 Vest på Twitter.
Fartøyet ligg til kai på Måløy brygge skriv dei.
– Det er berre små mengder olje som har hamna i sjøen, fortel brannsjef Kim Hjelle til Fjordenes Tidende, som kan melde at det gjeld bilferja M/F Selje som ligg ved InterCom-terminalen i Måløy.