Brannvesenet i Florø rykka i ettermiddag ut til ein automatisk brannalarm i Kinn kommune sitt kontorbygg i Hans Blomgate. Bygget vart evakuert.

– Det vart meldt om røyklukt frå maskinrommet til heisen. Brannvesenet på staden bekreftar dette, men dei finn ikkje noko teikn på høg temperatur eller at noko har vore i brann. Dei jobbar framleis på staden for å få avklart situasjonen, fortel vakthavande på 110-sentralen.