Gå til sidens hovedinnhold

Brannvesenet fekk kontroll på eit mindre branntilløp på Docen 2

Klokka 16.39 fekk brannvesenet melding om røykutvikling i Markegata i Florø. Naudetatane er på veg, fortel vaktkommandør Helge Lund på 110 Vest.

Røykutviklinga er i Markegata 55, bygget som på folkemunne går under namnet Docen 2.

Firdapostens journalist på staden melder at det ikkje ser ut til å vere spesielt dramatisk, men det skal vere melde om flammar i tredje etasje.

Klokken 16.56 melder NRK at det har vore eit mindre branntilløp, men dei har kontroll på staden. Det er ikkje melde om personskade.

– Vi fekk melding om full røyk på Docen 2, og då var det alle mann til pumpene. Men det var ingen fare, det var eit lite branntilløp inne på eit rom. Alle bebuarar er ok, og vi avsluttar her no, fortel innsatsleiar Robert Endestad til Firdaposten.

Kommentarer til denne saken