Snakk med barna om brann

Brannmann Anders Melvær oppfordrar til å lage klare rutiner på kva ein skal gjere når det brenn i heimen.

Brannmann Anders Melvær oppfordrar til å lage klare rutiner på kva ein skal gjere når det brenn i heimen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

For mange er brann den store skrekken. Nettopp difor er det viktig å snakke om det.

DEL

Laurdag var det open dag på brannstasjonen for store og små. Det var eit element i den so kalla «Brannvernuka», ei landsomfattande informasjonskampanje i veke 38 som arrangerast av Norsk brannvernsforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, og If skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over heile landet. Dette har dei halde på med sidan 2002, og i fjor var det over 250 000 barn og vaksne som besøkte dei opne brannstasjonane. Frå Mandal i sør, Longyearbyen i nord, og altså Florø i vest.

Vi er på veg inn i den tida talet på bustadbrannar pleier å auke kraftig. Den mørke og kalde årstida gjer at vi fyrar meir i omnen og tenner fleire levande lys i heimen. Det er difor denne brannvernsveka arrangerast akkurat på denne tida kvart år. Vi treng kanskje ei påminning om tryggleik, og kva vi skal gjere om ulykka først er ute.

– Det er viktig å snakke med familien om det, seier Anders Melvær i Florø brannvesen. Han oppfordrar alle til å lage rutinar for seg og si familie om kva dei skal gjere om det begynner å brenne.

– Hos oss har vi ei avtale på at alle skal møtast ved postkassen, dersom vi vaksne er heime. Om vi ikkje er heime skal dei gå til naboen og få dei til å varsle brannvesenet og ringe oss.

– Er det sånn at de køyrer brannøvingar i heimen?

– Vi har vel ikkje hatt nokre brannøving akkurat, men vi har snakka mykje om kva dei skal gjere om det brenner, og kva dei skal gjere avhengig av kor det brenn. Sjå kor røyken kjem frå, og så handle ut ifrå det. At ein berre skal komme seg ut så fort ein kan, utan å ta med seg noko. Alt materielt kan erstattast, men menneska kan vi ikkje erstatte. Og så snakkar vi mykje om korleis vi skal opptre rundt opne flammar.

– Vi som har jobba på stader der det ferdast mykje folk har kanskje vore på ein del brannkurs, og fått prenta inn nøkkelorda redde, varsle og sløkke i den rekkefølga. Er dette lærdom vi kan ta med oss heim til familien også?

– Jau då, det gjeld å komme seg ut, og få varsla brannvesenet. Men den personen du har ansvar for å redde er deg sjølv. Ikkje spring inn att for å redde nokon andre, og ikkje sett deg sjølv i fare for å prøve å sløkke brannen. Både det og redninga kan du overlate til oss som får betalt for å gjere det. Vi har utstyret og føresetnadene som skal til. Det er heltane som døyr, dei som spring tilbake. La oss ta oss av det.

Ole Petter Sande og Anders Melvær Flora brannvesen inviterer til open dag

Ole Petter Sande og Anders Melvær Flora brannvesen inviterer til open dag Foto:

På nettsidene til Brannvernuka kan man lese at det ikkje finst nokon fasit på kva ein skal gjere om røykvarslaren varslar at det er fare på ferde. Det kjem heilt an på kven som er til stades, kor gamle barna er, kor det brenn, og kva slags rømmingsvegar huset har. Mellom anna. Det er difor det er viktig å tenke godt gjennom dette på førehand. Å lage ein eiga branninstruks for heimen sin kan vere ein god ide. Her er deira forslag til korleis den kan sjå ut.

SMÅ BARN:
1. Rop «Brann! Brann!» så høgt du kan.
2. Vent på rommet til ein voksen kjem og hentar deg. Ikkje gøym deg!
3. Gå saman med den vaksne ut av huset og til møteplassen de har avtalt.

STØRRE BARN:
1. Redd andre ved å rope «Brann! Brann!» og hjelp kvarandre ut.
2. Om du har tid, varsle brannvesenet ved å ringe nødnummeret 1-1-0.
3. Om du har tid, lukk dører og vindauge.
4. Gå raskt ut av huset.
5. Still opp på møteplassen.

VAKSNE:
1. Redd andre ved å rope «Brann! Brann!» og hjelp kvarandre ut.
2. Pass på at alle barn kjem seg ut til møtestaden.
3. Varsle brannvesenet ved å ringe nødnummeret 110.
4. Om du har tid, lukk dører og vindauge.
5. Om brannen er liten, forsøk å sløkke. Ta ingen sjansar.
6. Gå raskt ut av huset og til møteplassen.
7. Tell opp talet på personar, og ta i mot brannvesenet når de kjem.

Artikkeltags