Like før klokka ti måndag kveld melder politiet om brann i ein bygning i Strandgata.
Naudetatane fell melding om brannen klokka 21.32 måndag kveld.
Det skal vere Strandgata 13 det er rykka ut til. I andre etasje av bygningen er det tannlegekontor, medan andre delar av bygget inneheld fleire leilegheiter.
Naudetatane kom fort til staden, men det tok tid å få kontroll på flammane. Det var først rett før klokka 23.00 at beredskapsleiar Robert Endestad kunne slå fast at dei hadde brannen under kontroll, og at det ikkje lenger var fare for spreiing til husa i nærleiken.
Det var synleg røykutvikling i bygget, og det kom røyk ut frå vindauge i andre etasje i det gamle trehuset. Ikkje lenge etterpå slo flammane gjennom taket.
Det skal så langt ikkje vere meldt om skadde personar i samband med hendinga. Det var fem personar inne i bygningen, dei blei evakuert. Det same blei seks personar frå nabohuset.
Brannvesenet driv no med ettersløkking, og kjem til å vere på staden gjennom natta for å passe på at det ikkje blussar opp igjen.