Meiningar
Brannforebyggaren i Kinn kommune har i år “fere som ei farsott” over Bremanger kommune. Etter postlista til Bremanger kommune å døme må det vere eit slett arbeid som har vore gjort i tidlegare år. Då lurer eg på: Blir det gjort feil vurdering av brannforebygger no? Eller har der vore gjort feil i tidlegare år, som har godkjent tilstanden som no blir ført som avvik?
Eg er ikkje kjent med dei einskilde saker, men vil omtale mitt møte med brannforebygger i Kinn kommune. Huset mitt blei bygd i Svelgen i 1950, og teglsteinspipa blei murt samstundes. I mai fekk eg tilsyn, og der blei skreve avvik (etter 73 år) på grunn av at teglpipa var murt med heilsteins vange (230 mm) inn til trevegg. Pipa skulle vere synleg på alle 4 sider, med henvisning til Forskrift om brannforebygging, og Byggdetaljdatablad.
Eg viste då til Brannvernet, no. 33 Skorstein av tegl, 331. Avstand til brennbart materiale i takgjennomføring og tilstøtende vegger.
For teglskorstein skal pipeløpets indre flate vere minst 230 mm frå brennbart materiale. Dette avviste brannforebygger i Kinn kommune. Eg fekk då tilsendt modifisert figurtegning av teglsteinspipe, noko som ikkje eksisterte då lova frå 1928 blei laga. I tillegg byrgja korrespondansen å «hardne til», med truslar:
Dersom du velger å ikke utbedre vil dette følge vanlig saksgang med purringer. Dersom det ikke forekommer en bindende fremdriftsplan innen fristene som blir satt, vil det i henhold til forvaltningsloven § 16 medføre en av følgende reaksjonsformer:
- Vedtak om pålegg om retting innen fastsatt frist, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven § 37, 1. ledd.
- Vedtak om forbud mot bruk, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven § 37, 2. ledd.
- Vedtak om tvangsmulkt, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven § 39.
- Vedtak om forelegg/ tvangsgjennomføring, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven § 40.
Den 10. juli 2023 sende eg eit kort brev til Brannforebygger i Kinn kommune, med kopi til avdelingsleiar. Eg la då ved Prinsippavgjørelse for KOVA, 2016-1: Tildekking av teglskorsteiner. Kova er Kontaktutvalget for varmeanlegg (KOVA), et utvalg med et felles mål om å arbeide for bedre forebyggende brannvern på fyringsområdet. Utvalget består av følgende representanter:
- Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
- Finans Norge* Norsk Brannvernforening
- Feiermesternes Landsforening (FLF)
- SP Fire Research AS (SPFR)
- Norsk Varme
- Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
Under avsnittet – Håndtering – står følgande :Det er ikke alene en grunn til å føre avvik at helsteins teglskorsteiner har en side innkledd. Svarfrist frå offentleg etat er 4 veker. Etter fleire freistnader, fekk eg endeleg telefonkontakt den 30. august. For å seie det slik – med innleiinga i den telefonsamtala forstår eg at det vil vere lett «å slå ut» ein huseigar som ikkje har kjennskap til lover og reglar vedr. skorsteiner og trehus av eldre dato, med den fylgje at huseigar blir påført utgifter til rehabilitering av skorstein.
Slik kostnad vil ligge ein stad mellom kr. 30.000,- til 70.000,-, alt etter høgde på skorsteinen. Feiermesternes Landsforening stadfesta at Prinsippavgjørelse for KOVA, 2016 – 1 framleis står ved lag.Med henvisning til den støtta, blei Kinn brannforebygger og eg omsider – etter mykje korrespondanse og diskusjon – einige. Avviket på mi teglsteinspipe blei då sletta.
Skal det vere slik at Brannforebygger kan sette fram ugrunna trusler for å få huseigar til å rehabilitere lovlege skorsteiner? Dette viser mangel på fagkunnskap. Burde dette få konsekvenser? Særleg når avdelingsleiar for brannforebyggere i Kinn kommune – etter eige utsagn – sit i KOVA-utvalget.