Fire hus brann ned på Torvmyrane den 22. juli. I etterkant har NRK løfta fram spørsmålet om kvifor brannvesenet ikkje fekk hjelp frå branntenesta på flyplassen, sjølv om dei bad om det.

No tek Helge André Njåstad (FrP) saka til Stortinget.

Spørsmålet Njåstad stiller til statsråden lyder slik: Vil statsråden i lys av det som skjedde i Florø overfor Avinor understreke viktigheita av at brannlova blir følgt og at Avinor har eit samfunnsansvar og i beredskapssamanheng?

Njåstad meiner at saka er ein god illustrasjon på manglande samarbeid på tvers av offentlege etatar der utfallet blei at tilgjengelege ressursar ikkje vart stilt til disposisjon i ein beredskapssituasjon. Brannlova er klar på at alle pliktar å delta i slike situasjonar.

Det blir samferdselsminister Knut Arild Hareide si oppgåve å svare på spørsmålet frå Njåstad.