Gå til sidens hovedinnhold

Brannen på Hauge skule er oppklart

Onsdag gjorde ein eingongsgrill på taket til at naudetatane måtte rykke ut til Hauge skule. Politiet ba om tips i saka, og no melder NRK Vestland at branntilløpet etter alt å dømme er oppklart.

Tre personar kontakta i går tenestestadleiar Espen Gulliksen og fortalde at dei hadde vore på avsatsen der det begynte å brenne.

Dermed reknar politiet saka som oppklara, og Gulliksen vil følge den opp når han er tilbake frå ferie.

Kommentarer til denne saken