Brann ved veranda i Florø

Laurdag ettermiddag var det full utrykking etter melding om brann i Firdavegen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Like etter klokka 14 laurdag ettermiddag gjekk brannalarmen i Florø, og alle naudetatane vart kalla ut etter melding om brann ved ein veranda.

Vaktleiar Frode Eide hos Alarmsentralen 110 fortel at det brann utandørs, i noko som stod lent opp til ein vegg/veranda.

- Det var folk som oppheldt seg på adressa som sjølve melde frå om brannen, og dei hadde god kontroll då brannvesenet kom til staden. Så brannen fekk ikkje utvikla seg, og situasjonen er under kontroll. Men det var mykje røyk, fortel Eide.

Dei kjenner ikkje til årsaka til brannen på noverande tidspunkt.

Ingen av dei fem personane i huset skal ha komme til skade.

Artikkeltags