Røykutvikling på Ewos

Brannmannskaper rykte onsdag kveld ut til røykutvikling på Ewos.

Brannmannskaper rykte onsdag kveld ut til røykutvikling på Ewos. Foto:

Av
DEL

Klokka 17.23 melde politiet på Twitter om røykutvikling ved Ewos-fabrikken i Florø. Dei skal ha fått melding klokka 17.16. Alle er ute av bygget, og ingen skal ha fått røyk i seg. Brannvesenet er på staden, medan politiet er på veg.

I sjutida onsdag kveld kan Benedicte Svardal på Alarmsentralen fortelje at faren er over.

– Det var røykutvikling, men ingen opne flammar. Alt er under kontroll, og brannvesenet har reist frå staden.

– Det kunne sjå ut som om nokon hadde gløymt å stenge ein krane til ein tank med rapsolje, slik at noko olje hadde leke ut. Dette er oppvarma olje, som dermed gav frå seg ein god del røyk då den hamna på golvet, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Politiets alarmsentral til Firda.

– Det har ikkje vore opne flammar, og ingen har fått røyken i seg, så vi opprettar ikikje sak på dette, seier Algrøy.

Hanne Dankertsen er kommunikasjonsdirektør i Ewos. Ho stadfestar det politiet seier.

– Det oppstod røykutvikling i samband med ei oljelekkasje i ein tank i eit av oljeromma våre. Det var ikkje branntilløp og situasjonen kom raskt under kontroll. Det var ikkje fare for skade, verken på personar eller utstyr. Olja er no i ferd med å bli soge opp av sugebil , og det er ikkje noko utslepp til ytre miljø.

Artikkeltags