Brann på Elkem

Foto: Tony A. Løvseth

Foto: Tony A. Løvseth Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Naudetatane på veg

DEL

Klokka 12.00: fekk naudetatane melding om brann ved Elkem Bremanger. Førebels er lite visst om kva som skjer.

Klokka 12.06: Brannvesenet kallar ut alt mannskap i Florø. Brannen skal vere i fjerde etasje, i reaktoranlegget av silgrain-delen.

Klokka 12.10: Folk på staden melder om flammar og mykje svart røyk frå Silgrain-anlegget. Tips oss gjerne, eller send oss dine bilde på telefonnummer 5775 7328 eller 9478 0313.

Klokka 12.24: - Vi har ikkje heilt oversikten på omfanget av brannen enno. Det vi veit er at vi har sendt brannvesenet i Svelgen, Industrivernet ved Elkem Bremanger, i tillegg til brannvesenet i Florø og Eikefjord til staden. Kva som har skjedd veit ikkje. Brannvesenet jobbar for fullt med å få kontroll på brannen, seier Roy Humlestøl ved Alarmsentralen.

Klokka 12.29: Brannen er sløkkt, melder politiet på Twitter. Ingen skal vere skadde i brannen. Det skal ikkje lenger vere behov for å evakuere bebuarar i området.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags