Hus totalskadd etter brann i Eikefjord

    Artikkelen er over 2 år gammel

    Alle naudetatane rykte ut onsdag ettermiddag, etter melding om husbrann i Eikefjord sentrum.

    DEL

    Meldinga kom ca. klokka 13.15 onsdag ettermiddag.

    – Det skal ikkje vere fare for liv, og det er ikkje folk i bygningen, opplyste skadestadsleiar Joachim Malterud til Firdaposten i 14-tida.

    SISTE: Klokka 16.15 melder politiet at brannvesenet har kontroll på brannen, men at huset ikkje står til å redde.

    - Det vert foretatt ei kontrollert nedbrenning og huset er i ferd med å falle saman. Det er oppretta observasjonspostar for å følge med at ikkje gnister antenner terrenget, melder politiet på Twitter.

    – Huset er ikkje til å redde. Dei menneskelege ressursane er oppbrukt. Røykdykkarane greier ikkje meir. Dessutan har det brent så lenge at det er lite å redde, seier innsatsleiar Joakim Malterud til Firda klokka litt over klokka halv fire.

    Kraftig røykutvikling

    – Alle naudetatane er framme, og både brannvesenet i Florø, Eikefjord og Førde deltar i sløkkinga.

    Det sa vaktleiar hos Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Birkeland, til Firdaposten i halv totida.

    Det var kraftig røykutvikling, med mykje røyk frå loftet, og brann i kledningen på utsida av bygget, opplyser han. 

    Rundt 30 personar jobba med sløkkingsarbeidet.

    Årsaka til brannen er ikkje kjend, men det blir det opp til politiet å vurdere i etterkant, seier Birkeland.

    Evakuerer naboar

    Klokka 14.20 brenn det framleis kraftig i huset. Det står flammer opp frå taket, og det er sterk røykutvikling.

    Brannvesenet prøver å få kontroll med flammene, men skadestadsleiar Joachim Malterud seier til Firdaposten at det er vanskeleg å få sløkt brannen på grunn av korleis taket på huset er konstruert.

    Brannfolkene har rett og slett problem med å komme til flammene under taket, då det er lagt takplater.

    Dei forsøker også å hindre spreiing av brannen, då det er vind og stor spreiingsfare.

    To til legesjekk

    Naboar i fem hus er evakuerte, og frakta til eit evakueringssenter som er oppretta på Eikefjord skule.

    To av jentene som er evakuert skal ha inhalert røyk, og skal til Sentralsjukehuset i Førde for kontroll.

    Det skal ha vore folk heime i huset då brannen starta, men dei kom seg trygt ut av huset, opplyser skadestadsleiar Malterud.

      Artikkeltags