Gå til sidens hovedinnhold

Brann i tomannsbustad under oppføring i Naustdal

(Firda)

Naudetatane rykte onsdag litt etter klokka 16.30 ut til melding om ein brann i ein tomannsbustad i Øvre Grimsethmarka i Naustdal. Huset er under oppføring. Det var ikkje meldt om personskadar.

Klokka 16.56 melde brannvesenet at dei var framme på staden. Då kunne dei stadfeste at det brenn i kledningen på huset. Det var ikkje akutt spreiingsfare, sjølv om det bles litt på staden.

Nokre minutt seinare melder Alarmsentralen at brannvesenet har kontroll på brannen, og at røykdykkarane er sett inn i arbeidet.

Les også

Kvifor byrja kledningen å brenne? Det jobbar politiet med å finne ut av