Gå til sidens hovedinnhold

Brann i Hauge skule

Det skal ha oppstått brann på Hauge skule i Bremanger.

Torsdag 09.20 melder politiet om ein mogleg brann på Hauge skule i Bremanger.

Ifølgje Vest politidistrikt er det kledningen utvendig som skal ha tatt fyr.

Naudetatane har rykka ut til skulebygget.

Firdaposten har snakka med folk i nærområdet som har godt utsyn over bygningane, som ikkje kan sjå noko røykutvikling frå ein eventuell brann. Skulebygga har bygningskroppar i betong, kledd med plater på utsida. Den eldste delen er frå slutten av 1950-talet, medan ungdomsskuledelen er frå 70-talet. Bremangerhallen, fleirbrukshallen i bakkant, er knytt til ungdomskuledelen av bygningsmassen.

Les også

Eingongsgrill sette fyr i skuleanlegget på Hauge

Saka blir oppdatert.

Kommentarer til denne saken