No må du vere varsam i Brandsøyåsen

BRANDSØYÅSEN: Framover vert det anleggstrafikk langs vegen på Brandsøyåsen. Her frå markeringa "Gå for naturen" som var på Brandsøyåsen søndag 12. mai

BRANDSØYÅSEN: Framover vert det anleggstrafikk langs vegen på Brandsøyåsen. Her frå markeringa "Gå for naturen" som var på Brandsøyåsen søndag 12. mai Foto:

FLORØ: No har Florø Entreprenør starta anleggsarbeid på Brandsøyåsen, og dei ber folk vere obs.

DEL
Entreprenørfirmae har no starta grunnarbeidet i samband med at det kjem ein ny 20 meter høg mast på Brandsøyåsen.
Med tanke på at heile åsen er eit veldig mykje brukt turområde, ber Knut Julnes folk vere obs.
– Det blir ein del anleggstrafikk på vegen opp til åsen no framover. Vi skal bygge 70 meter med anleggsveg, og ei mast på 20 meter, fortel Julnes.

Det skal også lagast eit nytt servicebygg i tilknytting til masta, og jording i området rundt, for å sikre lynavleiing.

– Vi skal også grave grøft frå området ved eksisterande mast, og bort til den nye, opplyser han.

I samband med dette blir det naturleg nok mykje anleggstrafikk, mellom anna lastebilar med stein til fylling, og betongbil når det skal støypast.


Arbeidet og trafikken vil stort sett skje innan vanleg arbeidstid, og dei vil halde på fram til midten av desember.

Den nye antenna er ein radarinstallasjon som skal trygge skipstrafikken på kysten. Det er Kystverket som står bak, og Kongsberg Norcontrol som skal levere og vedlikehalde radarinstallasjonen.

Svein Gunnar Vallestad i Kystverket fortel at dei har inngått kontrakt med Florø Entreprenør på grunnarbeid, fundament og støyping i samband med den nye radarmasta.

– Det skal opparbeidast midlertidig anleggsveg, grøfter og fundament til ei radarbu og ein mast på 20 meter. Vi reknar med det skal vere klart til montering av mast og bu i november. Vi håpar å få det opp før vinteren set inn, fortel han.

Når den nye radarmasta vert sett i funksjon, er imidlertid ikkje klart. Kystverket skal opp med ein rekke nye master, mellom anna fire til på kysten av Sogn og Fjordane, og detaljane rundt oppstart er ikkje bestemt enno.
Den nye radaranlegget er teikna inn på kartet.

Den nye radaranlegget er teikna inn på kartet.




Artikkeltags