Inviterte politikarane på synfaring på Brandsøy skule

Politikarar og foreldre i dialog på Brandsøy skule tysdag.

Politikarar og foreldre i dialog på Brandsøy skule tysdag. Foto:

Tysdag inviterte Foreldrearbeidsutvalet i Brandsøy bystyrepolitikarane til dialogmøte og omvising på skulen. Mens fire av partia vil ha utbygging, vil dei fire andre truleg utsette utbygginga i to år.

DEL

FAU ved Brandsøy skule og barnehage inviterte politikarar frå alle parti til dialogmøte og synfaring tysdag kveld.

Politikarane som stilte på møtet var Anne Lise Midtbø (V), Jan Arve Midtbø (Sp), Anders Ole Sunnarvik (Ap), Jan Henrik Nygård (V) og Arlene Vågene (H).

I tillegg stilte kommunalsjef Anders Moen og konstituert Brandsøy-rektor Robert Steindal.

– Det blei eit godt møte, og vi opplevde at politikarane som var til stades lytta og synte forståing for bekymringa vår. Vi avslutta møtet med ei synfaring i barnehagen og i skulebygget, som har vore drive med overkapasitet sidan den opna, fortel nestleiar I FAU, Oddfrid Barlund Steinsvoll.


Høgre, Frp og KrF vil ha ei utbygging av Brandsøy skule i 2019, enkelt og greit.

Arlene Vågene (H)

– Godt møte

Saka om tildeling av anbod for Brandsøy skule skal opp att til handsaming i formannskapet torsdag kveld, i samband med bystyremøtet. Saka er unnateke offentlegheita, då det gjeld tildeling av anbod/offentleg innkjøp.

– Vi hadde eit veldig godt møte i Brandsøy, og eg er spent på kva rådmannen kjem med til møtet i dag. Meir kan eg ikkje kommentere no, då saka i dag er unnateke offentlegheit, seier Anders Ole Sunnarvik (Ap).

Arlene Vågene (H) er krystallklar på at dei vil ha utbygging av skulen og barnehagen i 2019.

– Høgre, Frp og KrF har eit felles budsjettframlegg der vi har lagt inn pengar til dette prosjektet. Vi har lagt inn dei 42 millionane rådmannen seier trengst til utbygginga, for her er det eit kjempebehov, og vi vil ha ei utbygging i 2019, enkelt og greitt, slår ho fast.

– Brandsøy er ein plass vi må satse på. Her er vekst, Flora treng tilflytting, og Brandsøy er så attraktivt at grenda kan lokke til seg innflyttarar, til dømes frå Førde. For småbarnsforeldre er tida alltid knapp, og kan ein køyre heimanfrå, levere enkelt både i skule og barnehage, og vere på plass på jobb innan 40–50 minutt, så er det eit veldig stort pluss i ein hektisk kvardag. Såpass at det faktisk kan trekke tilflyttarar hit, meiner Vågene.

Vil utsette

Resten av partia i bystyret, samarbeidspartia Ap, SV, Sp, V og MDG, vil i sitt budsjettframlegg utsette skulen i to år. Solveig Willis (Ap) la dette fram i Flora formannskap nyleg, same dag som politikarane eigentleg skulle tildele anbodet for prosjektet.

I etterkant gjekk Jan Arve Midtbø frå Sp ut i media og sa at hans parti ikkje ville utsette skuleutbygginga, og at dei ville jobbe for å få snudd saka fram mot budsjetthandsaminga i bystyret 19. desember:

Artikkeltags