Consto skal bygge nye Brandsøy skule

Den første arbeidsdagen etter påske kjem gravemaskina for å starte arbeidet på nye Brandsøy skule. Innan då skal skulen vere tømt, og tilsette og elevar flyttar inn i brakker.

DEL

Etter nokre månaders forseinking og fleire rundar i politiske organ er det no endeleg klart for utbygging av Brandsøy skule.

Før påske skal skulen og barnehagen vere tømt. Då skal elevar og lærarar i ti månader framover gå på skulen i brakker, mens sjølve skulen vert utbygd og oppgradert.

Første arbeidsdag etter påske går gravemaskingrabben i jorda for nybygget ved skulen, samstundes som ein startar rivinga inne i barnehagedelen.

- Bygget skal tømmast, og vi skal vere ferdig rigga med ein ny og midlertidig skule innan påske, fortel prosjektleiar i Consto, Jim Tore Kristiansen.

Samarbeid med Salt

- Vi såg ikkje noko annan måte å gjere dette på tryggleiksmessig. Det er rett og slett ikkje trygt nok å ha store og små inne i skulebygget mens byggearbeidet pågår, seier Kristiansen.

I samarbeid med arkitekt Idar Grøneng Havn i Florø-firmaet Salt Arkitekter har dei laga konseptet for utbygging av skulen og barnehagen i Brandsøy. Dei var også einaste tilbydar då Flora kommune lyste ut «Design and build»-konkurransen i 2018. 

Det vart då snakk om å utsette prosjektet, men etter eit par ekstra rundar, og kraftige protestar frå foreldre og bebuarar i Brandsøy, valde politikarane uansett å gå vidare med utbyggingsprosjektet.

Nyttar gymsalen som hovudkvarter

I neste veke er det kontraktsmøte mellom Flora kommune og entreprenørselskapet Consto, og utbyggingsavtalen skal då signerast.

Deretter vil det gå slag i slag framover med byggeprosjektet på Brandsøy skule.

Samstundes skal kommunen og Consto ha dialog for å detaljprosjektere korleis innsida på skulen skal bli. Om ein eventuelt skal tilpasse og flytte på rom og liknande.

Om lag 700 kvadratmeter av den eksisterande bygningsmassen skal få komplett rehabilitering og ombygging, det inkluderer barnehagen. Så blir det lettare rehabilitering og oppussing av dei resterande 750 kvadratmeterene, inkludert gymsalen.

På toppen av dette kjem eit nybygg på 1250 kvadratmeter, med mellom anna nytt inngangsparti, nye klasserom og arbeidsplassar for dei tilsette.

- Totalkostnaden er på om lag 40 millionar kroner pluss moms, og byggetida er rekna til ti månader, fortel Kristiansen.

For å spare pengar i prosjektet har Consto bestemt seg for å nytte delar av gymsalen som møte- og pauserom for arbeidarane på staden, og eksisterande garderober som toalett.

- Vi sparer rundt ein million kroner på å ikkje ha brakkerigg til dei tilsette, fortel Kristiansen.

Consto skal bruke om lag ein tredel av gymsalen, mens resten skal nyttast til lager for skulen.

- Elevane må då ha utegym mens byggearbeidet pågår. Men dette blir jo på vår og sommar, så det skal nok gå bra. Som eg brukar å seie; ting må bli litt verre før dei vert betre. Og når dei blir betre, så blir dei veldig mykje betre!

Artikkeltags