– Vi må ha barnehagar og skular for å lokke til oss tilsette. Barnehagen er full, og det ser ut til at det spruter ut born i alle retningar, seier Braanaas til NRK Vestland.

I går melde NRK at Braanaas opnar eiga lommebok og vil bidra med 20 millionar til barnehageutbygging i Gulen. Politikarane har sagt ja til det noko uvanlege tilbodet, som inneber at Selskapet Steelhead Invest, eigd av Braanaas og Tore Larsen, byggjer ein nøkkelferdig barnehage som kommunen anten kan kjøpe eller leige dei neste 15-20 åra, etter kommunens eige ønske.

– Vi har dårleg tid så i dag tidleg starta vi opp grunnarbeida med massutskifting og planering på det arealet som er tiltenkt barnehage, seier Braanaas til Firdaposten.

Om alt går slik investorane ønskjer, vil ein ny barnehage stå klar hausten 2020.

– Vi er no inne i ein anbodsrunde for barnehagen med anbudsfrist 2. mars. Så blir det opp til administrasjonen i Gulen kommune å vurdere om dei mener tilbodet frå Seethaed Invest er konkurransedyktig på kostnad, seier Braanaas.

Braanaas fryktar at den sprengde kapasiteten på sikt kan bli ein hemsko for å rekruttere nye tilsette til Firda Seafood på Byrknesøy i Gulen. Braanaas anslår at verksemda hans vil trengje rundt 40 nye tilsette dei neste åra.