Ap-leiar Jonas Gahr Støre blir sannsynlegvis ny statsminister viss valet ender slik prognosane tilseier. Høgre-toppar erkjenner nederlag.

Det braut ut vill jubel på Arbeidarpartiets valvake på Youngstorget i Oslo då dei første prognosane vart kjende klokka 21.

Samtidig gjekk Høgres nestleiar Jan Tore Sanner raskt ut og erkjende nederlag.

– Det vanlege i Noreg er at ein regjerer i fire, maks åtte år. Så det skulle nok eit lite mirakel til å vinne ein tredje periode, seier han til NTB.

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet får saman 89 av 169 mandat, viser prognosen når snautt to tredelar av stemmene er talt opp.

Dermed tyder alt på at Støre kan flytte inn på Statsministerens kontor i oktober.

Fleirtal for raudgrøn trio

Støre ligg samtidig an til å kunne danne regjering med dei to føretrekte samarbeidspartnarane sine – og sleppe å vere avhengig av støtte frå Raudt eller Miljøpartiet Dei Grøne.

Aps partisekretær Kjersti Stenseng kallar prognosen ein lette.

– Det er klart at viss vi får eit resultat som er eit raudgrønt fleirtal, så er det eit veldig godt utgangspunkt for det arbeidet som skal gjerast vidare, seier Stenseng til NTB.

– Men det er for tidleg å byrje å forskotere om ting. No må vi få dei endelege tala.

Drama rundt sperregrensa

I prognosen kjem MDG under sperregrensa med 3,9 prosent, medan Raudt kjem over for første gong med 4,7 prosent.

Samtidig viser prognosen nærast ein valkollaps for den borgarlege blokka, som berre ligg an til å få 68 mandat.

Både KrF og Venstre står ifølgje prognosen i fare for å falle under sperregrensa. Men marginane er hårfine, og utfallet er truleg ikkje gitt før langt utpå valkvelden.

KrF låg klokka 22 på 4,0 prosent i prognosen, medan Venstre låg på 4,1 prosent.

Valsiger for Støre

For Arbeidarpartiet ligg prognosen høgare enn målingane før valet tydde på.

Med ei oppslutning på 26,0 prosent er Ap det største partiet i landet med god margin.

Støre har i valkampen lagt vekt på at Ap har løfta seg på meiningsmålingane det siste halvåret etter ein lang periode prega av metoo, personkonfliktar og maktkamp i partiet.

Men oppslutninga er òg Aps svakaste ved eit stortingsval sidan 2001. Før det må vi heilt tilbake til 1924 for å finne eit dårlegare valresultat for «ørnen» blant partia.

Opptur for Vedum

Sp er ifølgje prognosen det partiet som går mest fram samanlikna med valet i 2017.

I vinter var Sp i ein periode større enn Ap på målingane med ei oppslutning på over 20 prosent. Trenden snudde i februar, og i august byrja partiet å falle raskt på målingane, men prognosen tyder no på ei oppslutning på 14,1 prosent.

Det vil vere Sps beste resultat i eit stortingsval sidan det EU-prega valet i 1993, men er likevel svakare enn det Sp låg an til for berre få månader sidan.

SV får 7,4 prosent i prognosen og går dermed fram frå 2017-valet, men ikkje fullt så mykje som målingane kunne tyde på.

Kollaps for Høgre og Frp

Dei største taparane av valet i talet på stemmer er Framstegspartiet og Høgre.

Frp ligg i prognosen på 11,7 prosent, ned 3,5 prosentpoeng frå førre val. Høgre ligg på 20,4 prosent, ned 4,7 prosentpoeng.

Sannsynlegvis vil valresultat dermed bety slutten for Høgre-leiar Erna Solbergs åtte år som statsminister.

– Det er ikkje noka jubelstemning, det skjønar ein jo, seier Torbjørn Røe Isaksen til NTB på Høgres valvake.

Høgre sleit tungt på målingane allereie i 2020, men fekk eit kraftig løft då koronapandemien ramma Noreg. Først etter «Sushigate» i vinter, der Solberg til slutt vart dømd til bot for brot på koronareglane i samband med ein middag, snudde trenden.

Frp skifta for sin del partileiar i vinter etter ein periode med svake målingar. Men den nye partileiaren Sylvi Listhaug har ikkje klart å løfte Frp til gamle høgder.

(©NPK)