Ned med klimautsleppa. Opp med sjølvbergingsgraden. Desse to viktige måla må no prioriterast, skriv Norges Bondelag sitt fylkesleiarmøte i ei fråsegn søndag kveld. Dei peikar på at norsk landbruk basert på norske ressursar, ikkje utgjer noko klimaproblem. Med rett politikk og rette grep vil den norske bonden vere ein stor del av løysinga, meiner organisasjonen.

- Vi må i fellesskap arbeide for ein ny jordbrukspolitikk som sikrar den norske befolkninga trygg og sikker matforsyning, bidreg til auka sjølvforsyning og gir norske bønder løns- og arbeidsvilkår på linje med andre grupper i samfunnet, heiter det i fråsegna.

Samtidig lovar bøndene å bidra til å nå dei internasjonale måla om at alle land har eit ansvar for å produsere nok basismatvarer til si eiga befolkning, basert på lokale, fornybare ressursar.

Her er momentlista som Bondelaget meiner kan ta oss eit steg nærmare målet:

Gjeninnføre «tak» og ein tydelegare «struktur» på tilskot i enkeltproduksjonar.

Innføre tak på totalutbetaling til enkeltbrukarar

Prioritere kornproduksjon gjennom å auke prisane, særleg med fokus på produksjon av matkorn.

Omrekningsfaktoren for gjødsla beite blir auka til 0,8, stimulere til auka utnytting av utmarksareal.

Ta vare på gras- og kornområda.

Tenke produksjonsmåte framfor volum.

Målsetting om 100 prosent norsk fôr til norske husdyr.

- Desse krava og framlegga er basert på eit ønske om å setje landbruket i stand til å fylle dei viktige samfunnsoppdraga som allereie er definert av Stortinget, avsluttar frå segna frå fylkesleiarane.