– Bøndene må få ein ekstra runde med jordbruksforhandlingar i år

GRISEVIKTIG: Å sikre norsk matproduksjon er viktigare enn nokon gong når verda opplever ein pandemi. Difor må bøndene sitt inntektsgrunnlag styrkast, meiner Senterpartiet.

GRISEVIKTIG: Å sikre norsk matproduksjon er viktigare enn nokon gong når verda opplever ein pandemi. Difor må bøndene sitt inntektsgrunnlag styrkast, meiner Senterpartiet. Foto:

FLORØ: Ekstraordinære tider krev særskilte tiltak, meiner Senterpartiet.

DEL

Senterpartiet krev no at regjeringa opnar for ein runde to med jordbruksforhandlingar i løpet av hausten, i tillegg til den årlege forhandlinga mellom bøndene og staten som fann stad i slutten av april. Årets forhandling blei på grunn av koronasituasjonen ei svært forenkla utgåve, og Senterpartiet meiner bøndene kom svært dårleg ut.

– Inntektsmessig er bøndene no tilbake på 2015-nivå. Tal frå budsjettnemnda syner at jordbruket ikkje har hatt inntektsvekst i det heile, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes i ei pressemelding, og peikar samstundes på at den utviklinga står i sterk kontrast til andre yrkesgrupper for same periode.

Reksnes meiner det er heilt naudsynt at bøndene får moglegheit til ein ekstra forhandlingsrunde i eit så usikkert og spesielt år som 2020 ser ut til å bli.

– Regjeringa og landbruks- og matministeren må ta ansvar og sikre nasjonal beredskap og matforsyninga vår. Når vi får ein global pandemi og nasjonalstatane vender seg innover og må prioritere eigne innbyggjarar, er det ekstra viktig å sikre norsk matproduksjon, meiner Reksnes.

Innspelet frå Sogn og Fjordane Senterparti er no sendt til Landbruks- og matdepartementet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken