– Det eg kan seier er at det blir sildebord også neste år om vi får tilgang til eit kjøkken å lage maten i, og om vi får ein kokk til å gjere jobben, seier leiar i sildebordskomiteen, Arild Melvær.

sildebordkomiteen hadde i går (måndag) møte der dei konkluderte med at dei har det som skal til for å gå og gang igjen.

– Det er kokk og kjøkken som ikkje er på plass, dei andre tinga skal vi få til på eit vis, seier Melvær.

Opptur i fjor

Det var mange som trudde i år var det siste sildebordet. For 2017 vart eit tøft år, såleis var dei avhengige av at årets sildebord skulle bli ein økonomisk suksess.

– Vi gjekk med overskot i år, i fjor vart det eit dundrande underskot, men det klarte vi år rette opp i år, seier Melvær.

No er ikkje rekneskapen heilt sluttført, men overskotet i år var om lag like stort som underskotet i 2017.

– Hadde vi hatt det same underskotet i år som i fjor kan vi vel seie at det ikkje hadde blitt sildebord til sommaren igjen, seier sildebordgeneralen Arild Melvær.

Skjelett i skapet

Det kostar å drive sildebord, og tidvis kan det vere vanskeleg å vite kor mykje pengar som går inn og ut

– Det er 14 dagar sidan vi fekk ei rekning ifrå 2017, så det er alltid nokre skjelett i skapet, men om dei ikkje blir for store så skal det nok gå bra, seier Melvær.

Konseptet "gratis sild til folket" - kjem vi ikkje til å vike ifrå

Arild Melvær, leiar i sildebordkomiteen

 

For pengane er ikkje viktige for sildebordkomiteen, om då ikkje utgiftene blir for store.

– Vi treng inntekter som gjer til at Sildebordet skal gå rundt, det er ingen som tek ut noko lønn, så her handlar det om å skape ein folkefest.

I 2018 var sponsorstøtta større enn i fjor, samt at vi fekk kutta nokre kostnader som gjorde til at vi kom ut i pluss. Det har nok vore medverkande til at vi no går på igjen.

Ut på dato?

– Du trur ikkje at Sildebordet har gått ut på dato?

– Det var ein markert publikumsnedgang i år sjølv om vêret var brukbart. Vi trur det kan komme av at Sildebordet vart arrangert på eit noko uvant tidspunkt. Sildebordet vart arrangert ei veke før skulane slutta denne gongen, så var det dette med Fotball VM som kanskje spelte ei rolle, seier Melvær.

At publikumsnedgangen i år er grunn til at vi dei må sule opp, er ikkje Melvær sikker på.

– Neste år er vi tilbake til Sildebordopning i det skulane sluttar fredag 21. juni, slår Melvær fast.

 

– Kjem de til å gjere nokre endringar i konseptet?

– Konseptet er å servere gode silderettar gratis. Så konseptendringa må då handle om kva type underhaldning vi skal tilby. Vi ønskjer sjølvsagt å nå ut til dei yngre målgruppene, for at det er eit vakse publikum er vi klar over. Men konseptet «gratis sild til folket» – kjem vi ikkje til å vike frå.

Arrangementskomiteen er ein trufast gjeng som stiller opp år etter år, men no er dei opne på at det kanskje skulle vore utskiftingar slik at dei får inn nokre yngre i styret.

Sildebordkomiteen er elles klar over at det er både nasjonal- og etter kvart internasjonal interesse for folkefesten i Florø etter 27 år på rad. Like fullt er det lokalbefolkninga som er viktigast.

– Vi vil gjere vårt til at dette skal vere ein happening for folk i Florø. Mange kjem heim for å treffe venner denne helga, og der skal vi vere som festival. Så 21. juni neste år altså, den dagen skulane sluttar, avsluttar Arild Melvær.