I år vil rekordmange lyspynte husa sine

FINASTE I FJOR: Dette huset på Sørlandet vart kåra av VG, Fædrelandsvennen og DNB Eiendom som det vakraste julehuset i 2017.

FINASTE I FJOR: Dette huset på Sørlandet vart kåra av VG, Fædrelandsvennen og DNB Eiendom som det vakraste julehuset i 2017.

Det er nesten ein månad til sola snur, men allereie no går vi lysare tider i møte.

DEL

Stadig fleire nordmenn brukar stadig meir pengar på å pynte husa sine no i desember. Kategorisjef hos Europris Svein Bergum fortel at det er ei kraftig vekst av folk som pyntar husa sine med lys no i desember. Han fortel bestseljaren er lyslenker på opp til 40 meter som blir nytta til å lyse opp busker og tre i hagar.  

Lysfesten i gang

Laurdag er det 1. desember, men allereie tidleg i november var lysfesten starta. Kjell Rune Strømstad er ein av dei som satsar tungt på å lyse opp denne mørke årstida og skrur på brytaren i det vi går inn i desember.

I fjor kåret VG huset hans i Hornnes i Setesdal til Norges finaste julehus. Fædrelandsvennen i Kristiansand følgde opp med prisen for «Sørlandets finaste». Men også DNB Eiendom kalla huset til Strømstad det finaste pynta julehuset i Norge.

Hobby

– Lys er ein hobby, fortel 40-åringen, som hadde sin første lysfest i 2011. No brukar han 10.000-15.000 kroner av eiga lomme kvart år. I tillegg kjem straumutgiftene, men etter at LED-lys kom på banen er heldigvis denne utgiftsposten mindre enn den var før.

Laurdag «opnar» Strømstad huset sitt ved at han skrur på pynten, og denne dagen er det faktisk redusert fartsgrense i området mellom Kristiansand og Hovden.

Artikkeltags