Yucca-palmens retur

Eldbjørg Midtbø Steindal på Rognaldsen Gartneri viser fram eit vell av grøne planter som yucca (i midten til høgre), dracena (bak høgre og venstre) og grønnrenne (framst til høgre) for å beskrive haust-trendane i sin bransje. Foto: Liv Standal

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Alt går i syklusar i moteverda - også plantene.

DEL

Bolig og interiør– Det er nok mange som vil kjenne att desse frå barndomsheimen sin, smiler Eldbjørg Midtbø Steindal på Rognaldsen Gartneri.

Plantene ho siktar til er yucca, dracena og grønnrenne. Dei fylte glaskarmane på 70- og 80-talet og no er dei tilbake.

– Vi har sett mykje minimalistiske plantar, til dømes orkidé, men no skal det vere grønt volum!

Ho fortel at plantane gjerne skal plasserast slik at dei kjem til sin rett, og ikkje på rekkje og rad i vindauget. Og dei må gjerne stå i koparfarga pyntepotter.

– Det ser vi mykje av denne hausten, saman med naturmaterial som treverk, stein og kongler - men også i kombinasjon med turkis.

Den kalde trenden med kvitt, grått og sølv er på veg ut, sjølv om ein framleis ser litt av den.

Artikkeltags