Kinn-oppussing på tv torsdag

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdag kveld vart episoden av «Eventyrleg oppussing» som er spelt inn på Kinn sendt på TV3.

DEL

I september var Halvor Bakke og produksjonsteamet frå «Eventyrlig oppusing» på Kinn for å pusse opp den gamle fyrmeisterbustaden.

Torsdag kveld gjekk episoden frå Flora på TV3. Viss du ikkje fekk den med deg kan du sjå den på TV3 sin gratis streamingsteneste Viafree.

– Det handlar om å oppgradere til ein tidsriktig standard, samtidig som vi tek vare på husets sjel. Som vi gjer her på Kinn. Det var her sjølvaste fyrmeisteren budde. Då tenker eg. Fyrmeisteren. Han var ikkje nokon smågut. Han var kongen på øya, og då må det vere litt staseleg. Det prøver vi å få til å skinne gjennom i det vi gjør her. Vi skal ha respekt for det som har vore, samtidig skal det vere oppgradert til dagens standard. Komfortabelt og praktisk, sa Halvor Bakke til Firdaposten under innspelinga.

På Kinn har medlemmene i tv-produksjonen sove i telt, gått tur i Kinnaklova, og beundra kyrkja og naturen. Bakke er full av lovord om opphaldet.

– Det er vedunderleg her! Eg har ikkje vore her før, eg har vore i Førde, men ikkje i Florø, og ikkje på Kinn, og det er mykje finare enn eg hadde førestilt meg det. Med alt det grøne som gjer assosiasjonar til Irland. Vi har jo vore utruleg heldige med vêret, vi ligg i telt og vaknar med soloppgangen kvar morgon. Vi tek bilde heile tida. No blir det ikkje finare, tenker vi, dette er den finaste soloppgangen eg har sett. Og så vaknar vi neste morgon til ein som er enda finare. Det er utruleg vakkert!

Produsent Bjørn Tore Hallem fortalde til Firdaposten i september at  Eventyrlig oppussing er ein relativt dyr produksjon. Det er også den mest populære serien på TV3.


Sesong tre har eit budsjett på åtte og ein halv million. I tillegg kjem alt det som samarbeidspartnarane deira stiller opp med som sponsing, for å få eksponert seg for dei mange sjåarane som programmet trekk til seg. Her er det vanskeleg å fastslå eit nøyaktig beløp, men at det er snakk om fleire hundre tusen kroner er det nok liten tvil om. Det er ein monaleg verdi det er snakk om for dei som er heldige å få besøk av dei eventyrlege oppussarane.

Artikkeltags