Gjer huset vinterklart

Hjelper på humøret: Når føtene er varme, er allting godt.foto: golvabia

Hjelper på humøret: Når føtene er varme, er allting godt.foto: golvabia

BOLIG & INTERIØR: Gradestokken kryp nedover og vi trekker inn. Det finst ting ein kan gjere for å halde seg varm gjennom vinteren.

DEL

BOLIG OG INTERIØROg sjølv om straumen ikkje blir så dyr som ein frykta gjennom den lange tørre, sommaren, kan det vere greitt å ta nokre grep som gjer deg betre rusta til den kjølegare årstida:

1. Gardiner

Gardiner isolerer mot trekk og haust- og vinterkulde. La dei gjerne gå heilt ned til golvet, slik at dei også isolerer for trekk langs golvet. Fôra gardiner lunar mest. I tillegg kjem dei godt med når du skal stenge vintersola ute.

– Om vinteren er sola låg og sterk. Derfor er det viktig å bruke gardiner no. Dei vil også gjere det mindre trekkfullt frå vindauga, seier Jannicke Sveen hos Intag.

2. Gjer peisen klar

Snart skal det fyrast i peisar rundt om i heile landet. Men først må sot og fastbrent skit bort, for å få ein sikrare og hyggelegare fyringssesong. Bruk gjerne ein sotfjernar eller skorsteinsrens for å reingjere pipa før du fyrer, det kan nemlig redusere faren for pipebrann. Glasdører på omnen bør også vaskes.

– Bruk eit spesialmiddel for å fjerne sot og smuss frå glasvindauge på peiser og omnar. Det funkar mest effektivt, og du får tak i det i hos fargehandlaren, seier Inger Løvaas hos Krefting.

3. Teppe på golvet

Lite lunar meir enn teppe på golvet. Gå inn i vintersesongen med eit deilig teppe under føtene – er du varm på beina spreier det seg til resten av kroppen. Eit heildekkande vegg-til-vegg teppe er sjølvsagt det lunaste, men også avpassa tepper gir mykje varme.

4. Jag vekk uønskte gjestar

Nett som oss, trekker skadedyra inn på vinteren. De likar ikkje kulde. Så viss du ikkje vil ha uønskt besøk, kan du sette ut musefeller, lydjagarar eller luktmidler der det er tenkeleg at skadedyra kjem inn.

5. Fyll opp skapa

Du gjer lurt i å hamstre litt nyttige hjelpemidlar før vinteren. Fyll opp skapa med antisklimiddel eller issmelter til inngangstrappa, antifrostmidlar til avløp og avløpsopnar for å halde røra opne.

6. Beskytt golvet i gangen

Har du ikkje matter både utanfor og innanfor døra, er det på tide. Om hausten og vinteren dreg vi med oss mye vatn, snø og bøss inn, og har du ikkje skikkelige matter som beskyttar golvet, kan det ta skade.

– Sørg for å ha matter som sug opp fukt skikkeleg, seier Gunni Marie Blunck hos Forbo Flooring.

Artikkeltags