Gult er atter kult

Solgult: Sjølv om det er ei hovudvekt på dei gråaktige, nesten beige fargetonane, er det også mykje med meir fart, som dette tapetet frå kolleksjonen «Vivid» frå Storeys.foto: storeys

Solgult: Sjølv om det er ei hovudvekt på dei gråaktige, nesten beige fargetonane, er det også mykje med meir fart, som dette tapetet frå kolleksjonen «Vivid» frå Storeys.foto: storeys

Artikkelen er over 1 år gammel

BOLIG OG INTERIØR: Viss du har sakna dei gule veggane frå 90-talet, kan du slå deg laus igjen no.

DEL

Du kan knapt går forbi ein klesbutikk utan at noko gult lokkar. Og innreiing og mote følgjer kvarandre, så tar du ein sving innom interiørbutikkane er det også mykje gult i sikte.

«Skitne» gultonar

Fargen er i ferd med å ta ein posisjon langt utover «prikken over i-en» som fargeklatt på ei pute i sofaen. Gjer klart for gule veggar, og den kan passe i alle rom. Det har vi belegg for å seie etter å kikka litt på leverandøranes nyheiter for hausten.

Dei gultonane som er i vinden no, og aktuelle på store flater, er ganske «skitne» og har mykje svart i seg. Gløym solgult og påskegult. Fargane minner meir om sennep, rav, honning, moge korn og gyllen sand. Det er vanskeleg å beskrive fargefamilien med eitt ord; men grå-brun-gul-grøn er ganske dekkande.

Nytolking av 70-talet

Den gule trenden viser seg også i auka bruk av tre: Furu er tilbake i motebildet. Ofte vert ulike tresorter og «lag på lag» kombinerte. Inspirasjonen fraå70-talets «furu-look» er tydeleg, men stilen og formspråket er nytt. Det reine nordiske uttrykket har erstatta bonderomantikken med sine profilerte panel og snirklete soklar.

Malingsleverandørene fangar raskt opp trendane, og dei nye fargekarta fra Beckers, Butinox og Flügger viser alle veg til gråaktige, varmgule tonar. Årets Farge for 2019 fra Nordsjö, «Spiced Honey», ligg i same gate. Pure & Original lanserer i desse dagar «The Neomodernist Collection», der også dei gylne fargane er godt representerte.

Blant tapetkolleksjonane skjuler det seg mange godbiter. I tillegg til farge og mønster, tenk også på tekstur når du vel tapet. Her ligg mange moglegheiter til å trylle fram akkurat den atmosfæren og det stiluttrykket du ønskjer.

Artikkeltags