– Politikarane bestilte 42 millionar i skatt

Kemnar i Flora kommune, Rune Osa.

Kemnar i Flora kommune, Rune Osa. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Vi fekk ei bestilling ut frå eit budsjett på 42 millionar kroner i eigedomsskatt.

DEL

Det seier prosjektleiar for omlegginga i eigedomsskatten i Flora kommune, Rune Osa.

Han viser til at effekten av auken i eigedomskatten vart sett til 16 prosent totalt sett i budsjettet. Osa viser til at dei har gjennomført prosessen ut frå ei politisk bestilling og ut frå gjeldande regelverk og lover på området.

Han ser at for nokon enkeltpersonar har auken blitt uventa stor. Derfor er dette no ute på høyring og det er opning for å klage på den nye taksten, som er basert på at verdiane på eigedommane no er sette tilnærma omsetningsverdi i marknaden. Fordi verdigrunnlaget no er høgare er berekningsatsen redusert til tre promille.

Dei har gått ut frå matrikkelopplysningar på eigedommane og fått med nybygg og endringar i bygningsmassen. Moment som attraktivitet og utsikt på tomta er ikkje rekna med.

LES SAKA:  Sjokkarta auke i eigedomsskatten

Det kokar i kommentarfelta på nettet.

– Å auke eigedomsskatten er som å pisse i buksa. Det hjelpe der og då. Dette fører til at ein legg seg på eit urealistisk høgt tenestenivå, og smellen kjem når ein når taket på sju promille og ikkje kan auke meir, seier ex. ordførar og Høgre-politikar Bengt Solheim-Olsen.

Ap-politikar Oscar Bergheim bringar til torgs viktige fakta:

– I 2015 med Bengt Solheim-Olsen som ordførar og Gustav Johan Nydal som støttespelar fekk Flora inn 33 millionar kroner i eigedomsskatt. I 2016 36 millionar kroner. I 2017 skal den aukast med 16 prosent opp til 42 millionar kroner. Det kan kjennast urettferdig for dei som dei siste 10–12 åra har fått auka verdiane på eigedommane sine utan at skatten har blitt justert, påpeikar Bergheim.

Gustav Johan Nydal kjøper ikkje den forklaringa:

– Fakta i denne samanhengen er at det er ingen som får redusert eigedomsskatt med ny taksering og den gjennomsnittlege auken må ligge langt over 16 prosent. Dette ønskjer eg eit konkret svar på i neste formannskapsmøte, som strekar under at personleg skal han fint greie å betale eigedomsskatten. Men det er til dømes ikkje like lett for familiar i etableringsfasen.

All logikk tilseier at dersom summen av endringane i gjennomsnitt skal bli 16 prosent auke- så må nokon ha kome ut betre enn før.

TIPS OSS GJERNE:

epost  

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags